Gå til innhold
English A A A

Hong Kong University of Science & Technology


Hong Kong University of Science and Technology (HKUST) har sidan skipinga i 1991 rukket å bli ein av dei leiande universiteta i Asia.

Hong Kong University of Science and Technology

Hong Kong University of Science and Technology

Utveksling føregår med School of Science innanfor fagområda biokjemi, biologi, kjemi, matematikk og fysikk.

Byen og universitetet

Byen
Hong Kong i seg sjølv er ein utruleg fascinerande blanding av det kinesiske og det britiske, det austlege og det vestlege.

Studentar som reiser til Hong Kong vil oppdage at det har langt meir å by på enn skyskraparane på Hong Kong Island.

Universitetet
Hong Kong University of Science & Technology (HKUST) vart oppretta så seint som i 1991, men har rukke å etablere seg i toppsjiktet av asiatiske universitet.

Mykje av dette skuldast det faktum at dei har hatt økonomiske midlar til å skaffe seg dei beste akademiske kreftene, samt topp moderne forskingsfasilitetar.

Alle dei akademisk tilsette ved HKUST har doktorgrader, mange av dei frå prestisjetunge universitet i USA.

Per i dag har HKUST totalt ca 7.000 studentar, derav ca 1.800 er på høgare grad. School of Science er det minste fakultetet, med til saman 1.500 studentar.

Det er ca. 150 internasjonale studentar ved universitetet. Av desse er omtrent halvparten regulære gradstudentar, medan resten er delstudentar for eitt eller to semester.

Studietilbod

HKUST har på berre ti år rukke å etablere seg i toppsjiktet blant dei spesialiserte universiteta. Ved å studere realfag her vil ein dermed få tilgang på nokre av dei beste lærekreftene.

UiB har i dag ein avtale med School of Science, og det vil i fyrste omgang berre vere mulig å velje blant faga på dette fakultetet.

Ved HKUST er alle kurs på engelsk, og ein kan dermed velje mellom alle tilgjengelege kurs. Merk at nokre kurs kan ha krav om andre forkunnskapar.

Det er berre mulig å ta kurs på lågare grad. Sjekk universitetet sin oversikt for oppdaterte og spesifikke opplysningar.

Semesterinndeling

  • Haustsemesteret: september til desember
  • Vårsemesteret: februar til mai

Bustad

Som utvekslingsstudent vil ein kunne få rom på campus.

Studentbustadane er nye, og dei fleste romma for lågaregradsstudentar er dobbeltrom.

Dei inneheld det mest nødvendige (seng, skrivepult, bokhyller og skap). I tillegg har alle rom uttak for å kople datamaskinene til universitetet sitt intranett.

I fellesareala er det bad, tv-stover, kjøkken og vaskerom.

Bustader i Hong Kong er veldig dyrt, og det er derfor nesten nødvendig å bu på campus.

Studieplassar og studieavgifter

UiB har en utvekslingsavtale med HKUST som sikrar våre studentar fritak for studieavgifter.

Du må ha eit snitt på C eller betre for å kunne søkje om opptak til HKUST.

Språk

Ved HKUST er vert alle kurs undervist på engelsk.

Campus

HKUST ligg i idylliske Clear Water Bay, eit stykke utanfor det sentrale Hong Kong. Universitetsområdet ligg nede ved sjøen og har utsikt til ei rekkje små øyer.

Til tross for at universitetet ligg noko avsides til, er det ikkje vanskeleg å komme seg dit. Det kostar ca. 50 kr med taxi frå nærmaste MRT stasjon (undergrunnsbane), og det går bussar kontinuerlig.

Sidan universitetet er heilt nytt, er ingen bygningar eldre enn 10 år. Dei held dermed ein høg standard.

Universitetet har eit stort bibliotek med gode pc-fasilitetar.

Sidan studentane opphelt seg mykje på universitetsområdet, er det ein rik flora av studentorganisasjonar og -aktivitetar. Det fins fleire kantiner og gode sportsanlegg.

Det fins også lege og tannlege tilgjengelig for studentane på campus.

Sist endret: 21.2.2009