The University of Hong Kong
The University of Hong Kong (HKU) er det mest sentrale universitetet i Hongkong, med si plassering på Hong Kong Island.
HKU tilbyr kurs innan mange fagfelt, og alle blir undervist på engelsk.
- På nett: www.hku.hk
Byen og universitetet
Byen
Hong Kong er ein usedvanleg spanande, livleg og trygg by, der Vesten møter Østen på ein heilt spesiell måte.
Studentar som reiser til Hong Kong vil oppdage at det har langt meir å by på enn skyskraparane på Hong Kong Island.
Universitetet
The University of Hong Kong ble etablert i 1911, og er dermed den eldste utdanningsinstitusjonen i Hong Kong.
Det konkurrerer med Chinese University of Hong Kong om å vere det beste universitetet i Hongkong, og det er eit leiande forskingsuniversitet i Asia.
Universitetet har ca 15.000 studentar.
Studietilbod
Universitetet har fylgjande ti fakultet:
- Architecture
- Arts
- Business and Economics
- Dentistry (ikkje åpent for kliniske studium)
- Education
- Engineering
- Law (kun betalende studentar og LLM)
- Medicine (ikkje opent for kliniske studium)
- Science
- Social Science
Undervisninga for utvekslingsstudentar er hovudsakleg på lågaregradsnivå.
Det er i tillegg mogeleg å ta kurs i kantonesisk eller Putonghua.
Semesterinndeling
- Haustsemesteret går frå byrjinga av september fram til jul.
- Vårsemesteret startar i midten av januar og vert avslutta i byrjinga av juni.
Ein tilråder studentar å kome ei veke før studiestart for å delta på orienteringsveka.
Bustad
Studentar kan søkje om å få bu i studentbustader ("halls") på campus.
Universitetet kan ikkje garantere bustad på campus, men har så langt vore i stand til å skaffe det til alle utvekslingsstudentar.
Enkelte av bustadene har måltida inkludert.
På dei fleste "halls" deler ein rom, men det fins også enkeltrom. Nokre "halls" er kun for menn eller for kvinner, medan andre har ei blanding av kjønna.
Studentkontoret er også behjelpelige med å finne bustad off-campus, på den private marknaden. Dette er langt dyrare.
Studieplassar og studieavgifter
UiB kan sende inntil 5 utvekslingsstudentar på friplassar kvart år. I tillegg er det mogeleg å reise som betalende student.
HKU krev at studentane har minimum karakteren C i snitt for å gi dei opptak til de fleste fag. Ved Law School er kravet at studentane har B eller betre i snitt.
For jusstudentar
Studentar som vil søke om opptak til HKU Law School må nytte februar-søknadsfristen for oppstart i både august og januar.
Jusstudentar kan kun reise som betalande studentar, og på grunn av stor pågang i haustsemesteret vert ein tilråda å søkje for vårsemesteret dersom ein kun vil ta eit semester ved HKU.
Masterstudentar vert anbefalt å søkje LLM dersom dei vil vere sikra å få ta høgaregradskurs.
Studentar som er interessert i dette kan søkje HKU direkte om opptak til LLM-programmet deira, sidan ein då ikkje søkjer gjennom utvekslingsavtalen mellom HKU og UiB. Ta kontakt med studierettleiar ved Det juridiske fakultet viss du har spørsmål om dette.
Studieavgiftene var i 2008/09 på ca. 40 000 HK$ per semester.
Språk
Norske studentar slepp å ta engelske språktestar, dersom dei har karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skule, eller på annan måte kan dokumentere at dei beherskar engelsk på ein tilfredsstillande måte.
Campus
Hovudcampus ligger nord-vest på Hong Kong Island, like utanfor financial/business-district, med kort veg over til Kowloon, som er handelssentrum. Det er dermed det mest sentrale universitetet i Hong Kong.
Internasjonale studentar har full tilgang til alle universitetet sine fasilitetar. Universitetet har eige bibliotek, sportssenter, pc-sal, helsesenter m.m.
Det fins også ei rekkje studentsamfunn som ein kan vere med i, og det blir arrangert mange ulike aktivitetar i tilknyting til studentbustadene, såkalla "hall activities".
Dersom det er ynskjeleg, kan universitetet ordne med ein "buddy" som kan plukke deg opp på flyplassen når du kjem. Din "buddy" vil også hjelpe deg med å installere deg i bustaden din, og med å komme i gang med sosiale aktivitetar, praktiske problem og elles alt du måtte ynskje hjelp til.
Sist endret: 20.1.2011