Om du treng hjelp i utlandet
Om du treng hjelp medan du er i utlandet kan det vere nyttig å vere merksam på følgjande punkt:
- Kontakt lokalt politi, brannvesen og/eller ambulanse/lege ved behov. Dersom du ikkje kan gjere deg forstått, må du få tak i nokon som kan fungere som tolk.
- Viss du vert råka av sjukdom, ulykker, vald, opptøyar, naturkatastrofar eller liknande og treng hjelp frå UiB, skal du først prøve å kontakte den administrative koordinatoren for utanlandsopphaldet ditt eller Studieadministrativ avdelings kontakttelefon for studentar i utlandet +47 55 58 90 95. Du kan også ta kontakt med koordinator på vertsuniversitetet.
- Viss du i ein krisesituasjon ikkje får kontakt med administrativ koordinator eller Studieadministrativ avdeling, skal du ringe UiB sitt naudnummer +47 55 58 85 00. Dette nummeret er vidarekopla til vaktselskapet som er informert om kven som skal kontaktast vidare.
- UiB vil i ein slik krisesituasjon ha bruk for opplysningane du har oppgitt på opplysningsskjema/eigenerklæring for studentar ( finnes også i engelsk versjon).
- Du bør også ta kontakt med næraste norske utanriksstasjon. Oversikt over norske ambassadar finn du på http://www.landsider.no/stations eller www.norway.info. Som hovudregel bør du vere registrert ved næraste utanriksstasjon ved lengre opphald i alle land utanfor Europa/Nord-Amerika.
- Ved unntakstilhøve skal du følgje råd og pålegg frå lokale styresmakter.
- Dersom ein farleg situasjon skulle oppstå i landet, ta kontakt med familien din heime for å gi beskjed om at du er trygg. Dette gjeld også dersom du ikkje er i nærleik til hendinga. Familien din har ikkje alltid oversikt over dei geografiske tilhøva.
- Dersom du av ein eller annan grunn vantrives og ønskjer å avbryte utanlandsopphaldet, snakk først med koordinator ved vertsuniversitetet og den administrative koordinatoren din ved UiB. Det er godt mogleg at noko kan gjerast for å løyse problema dine.
- I brosjyra Informasjon til studentar som reiser ut (i pdf-format) finn du mange gode råd om tryggleik i utlandet.
- Den norske kyrkja i utlandet har ein eigen bereiskapstelefon: +47 95 11 91 81. Sjå også www.sjomannskirken.no.
Sist endret: 19.1.2012