Godkjenning av studieopphald i utlandet ved Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet
Alle studentar som skal reise på utveksling må søkje om førehandsgodkjenning av delstudiet før dei reiser. Om du reiser på Erasmus utveksling kan du nå søke om førehandsgodkjenning av delstudiet på same skjema som Learning Agreement. Du finn det elektroniske skjemaet for dette i Det matematisk-naturvitskaplege fakultet sitt fillager på Mi Side.
Denne treng du anten du reiser ut gjennom ei utvekslingsavtale frå UiB eller du reiser ut på eiga hand. Lånekassa krev også at du har førehandsgodkjenning før du reiser. Førehandsgodkjenninga gir deg ein garanti for at det du studerer i utlandet kan inngå i den norske graden din.
-
Førehandsgodkjenning av Erasmus -utveksling
Om du reiser på Erasmus utveksling kan du nå søkje om førehandsgodkjenning av delstudiet på same skjema som Learning Agreement. Denne sida syner deg korleis du går fram for å søkje.
-
Endeleg godkjenning/innpassing
Når du har avslutta utanlandsstudia og tatt eksamen, må du sørgje for å få karakterutskrift eller eksamensvitnemål.