Endeleg godkjenning/innpassing
Når du har avslutta utanlandsstudia og tatt eksamen, må du sørgje for å få karakterutskrift eller eksamensvitnemål.
Sjekk med studiestaden korleis du skal gå fram for å få dette. Om du kan få det mens du er der, vil det ofte være ein fordel, då nokon studiestader ikkje alltid har rutinane på plass når det gjeld å ettersende vitnemål til utlandet.
Karakterutskrifta skal vise kor mange studiepoeng kvart emne gir, tittelen på emna og karakteren du fekk.
Karakterutskrifta (i original) må så sendas til fakultetet saman med skjemaet; "søknad om innpassing".
Om du har tatt eksamen i andre kurs enn dei du fekk godkjent på førehand, eller om du ikkje søkte førehandsgodkjenning, må du i tillegg leggje ved kursskildring og informasjon som viser at studia til saman tilsvarer eit semesters eller års fulltidsstudium i Noreg.
Fakultetet gir så den endelige godkjenninga. Du vil få tilsendt godkjenningsbrev saman med den originale karakterutskrifta når saka er handsama.
Karakterar frå det utanlandske universitetet:
Universitetet i Bergen omset ikkje sjølve karakteren frå det utanlandske universitetet, men gir deg greidd eller ikkje greidd på den endelege godkjenninga. Karakteren vil stå på den originale karakterutskrifta frå vertsuniversitetet.
Sist endret: 23.4.2012