Førehandsgodkjenning av Erasmus -utveksling
Om du reiser på Erasmus utveksling kan du nå søkje om førehandsgodkjenning av delstudiet på same skjema som Learning Agreement. Denne sida syner deg korleis du går fram for å søkje.
For å gjere prosessen enklare for studentane som reiser på Erasmus utveksling har vi no slått saman dei to skjema Søknad om førehandsgodkjenning av delstudium i utlandet og Erasmus Learning Agreement. Det er kun studentar som dreg på Erasmus utveksling som skal fylle ut Learning Agreement, og difor kun desse som skal fylle ut det nye skjema. Studentar som reiser gjennom andre avtalar finn informasjon om førehandsgodkjenning her.
Det nye elektroniske skjema finn du nederst på denne sida. Du finn det også på Mi Side i fillageret til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Korleis går eg fram?
Du fyller ut det elektroniske skjema med namn, student nummer og kvar og når du skal reise. I tillegg skriv du inn i tabellen kva kurs du planlegg å ta. Søknadsskjemaet om førehandsgodkjenning må sendast elektronisk til studierettleiar ved ditt institutt. Elektronisk innlevering er viktig for at vi skal kunne godkjenne søknaden som ei førehandsgodkjenning. Hugs å legge ved ei beskriving av emna, for eksempel kopi frå studiehandbok eller utskrift frå nettsidar. Desse kan du enten sende som elektroniske vedlegg til søknadsskjemaet, eller om du ynskjer det, sende papirkopiar av vedlegga til studierettleiar ved ditt institutt.
Etter at du har sendt inn skjemaet, vil studierettleiar skrive ei førehandsgodkjenning av dei kursa som du har ført inn i skjemaet. Denne førehandsgodkjenninga og Learning Agreement vert signert i to eksemplar av instituttet, og sendes til deg. Du skal også signere når du får skjema i retur.
Eit eksamplar (kun side 1) skal sendast til Lånekassa (førehandsgodkjenning).
Det andre eksemplaret er din Learning Agreement, og er det dokumentet du skal ta med deg til vertsinstitusjonen. Dei skal signere dette dokumentet når du avsluttar opphaldet ditt der.
Innpassing
Når du har avslutta utanlandsstudia og tatt eksamen, må du sørgje for å få karakterutskrift eller eksamensvitnemål. Dette karakterutskriftet (i original) må deretter sendast til fakultetet saman med skjemaet Søknad om innpassing. Detaljar om korleis du går fram når du søkjer om innpassing finn du her
Sist endret: 25.1.2012
Last ned filer
- Kombinert førehandsgodkjenning og Learning Agreement (ODF-fil, 24 Kb)