Studiestruktur
Ved Universitetet i Bergen kan du velje mellom eit stort utval studieprogram ut frå dei interessene og karrieremåla du måtte ha. Eit studieprogram er ein tilrettelagt studieveg som fører fram til ein bachelorgrad eller ein mastergrad. UiB tilbyr over 50 treårige bachelorprogram innanfor ei lang rekkje fagområde. I tillegg har vi årsstudium, masterprogram, profesjonsstudium og forskarutdanning.