Studiemuligheter i utlandet
Søknad om utveksling skjer online gjennom Søknadsweb. I suppleringsopptaket kan du søkje deg til restplassar for vårsemesteret 2014 ved UiBs samarbeidsuniversitet. Søknadsweb opnar for suppleringsopptaket den 15. august. Hugs søknadsfristen den 1. september! Les meir her.
UiB fokuserer sterkt på internasjonalisering. Alle gradsstudentar skal difor ha høve til å studere eit semester ved eit universitet i utlandet.
Vi samarbeider med om lag 400 utanlandske institusjonar for å kunne gi deg høve til å studere i utlandet. UiB si satsing på internasjonalisering inneber også at det er mange utanlandske studentar som studerer hjå oss i Bergen. Både det høge talet utreisande studentar og det høge talet utanlandske studentar som kjem til UiB bidreg til å gjere UiB til eitt av dei mest internasjonale universiteta i Noreg i dag.
Hausten 2012 utførte Studieadministrativ avdeling ved UiB ei spørjeundersøking blant UiB-studentar som hadde vore/fortsatt var på utveksling. Gå til denne sida for å lese rapporten frå undersøkinga.
-
-
-
Inspirasjon og idear
Det er mange gode grunnar til å reise på utveksling. Ein grunn er at du kan studere fag du elles ikkje kunne studere i Noreg. Ein annan god grunn til å reise på utveksling er at du får høve til å lære deg språket i landet du reiser til.
-
Kva, når og kvar?
Kva fag skal du velje? Når kan du reise? Kvar skal du studere? Korleis finansiere eit utanlandsopphald? Her finn du informasjon som du kan nytte for å finne eit utvekslingsopphald som passar for deg.
-
Vi hjelper deg på veg
Studieadministrativ avdeling hjelper med generell informasjon om studiar i utlandet som del av gradsstudia dine ved UiB. Fakultet og institutt/studieprogram hjelper deg med fagleg informasjon og spørsmål knytt til godkjenning av studiane i utlandet.
-
Om du treng hjelp i utlandet
Om du treng hjelp medan du er i utlandet kan det vere nyttig å vere merksam på følgjande punkt: