Inspirasjon og idear
Det er mange gode grunnar til å reise på utveksling. Ein grunn er at du kan studere fag du elles ikkje kunne studere i Noreg. Ein annan god grunn til å reise på utveksling er at du får høve til å lære deg språket i landet du reiser til.
Sist, men ikkje minst, er det ei utfordring å reise til eit anna land for å studere, og dei fleste vil oppleve å utvikle seg mykje som menneske i løpet av tida i utlandet.
-
Kvifor bør du reise?
Universitetet i Bergen satsar sterkt på å kunne gi deg eit breitt tilbod av delstudium i utlandet. Eit slikt delstudium kan vare i 3-12 månadar og skal inngå som ein del av graden din ved Universitetet i Bergen, vanlegvis utan at du taper tid i studiane dine.
-
Studentrapportar
Her finn du rapportar frå UiB-studentar som har studert i utlandet. Rapportane kan hjelpe deg til å velje utvekslingsstad, og dei vil vere nyttige når du skal førebu deg på å reise ut.
-
Førebuande språkkurs
Dei fleste som reiser på utveksling til eit ikkje-engelskspråkleg land er interessert i å følge eit språkkurs i forkant av semesterstart for å vere best mogleg budd på å studere på vertslandet sitt språk.