Gå til innhold
English A A A

Førebuande språkkurs


Dei fleste som reiser på utveksling til eit ikkje-engelskspråkleg land er interessert i å følge eit språkkurs i forkant av semesterstart for å vere best mogleg budd på å studere på vertslandet sitt språk.

Språk.jpg

Språk.jpg


I mange tilfeller tilbyr universitetet ein skal studere ved eigne språkkurs til sine utvekslingsstudentar. I andre tilfeller må ein finne fram til språkkurs på eigahand.

Finansiering
Følgjer du eit språkkurs i forkant av semesterstart, som varer i minst 4 veker og har minimum 15 timar undervisning per veke, kan du søkje på lånekassen sitt språkstipend. Språkkurset skal ein ta i det same landet som ein skal vere på utveksling. Lånekassens regelverk for støtte til språkkurs finn du her.

Kurs i spansk

For studentar som ønskjer å dra til eit spansktalande land kan nettkurset nocomprendo være ein god stad å starte. Kurset er gratis.

Andre språkkurs
Dersom du skal på erasmusutveksling til eit land eller region der språket ikkje er engelsk, tysk, fransk eller spansk så kan du søke om
opptak til Erasmus Intensive Language Course (EILC). Kurset pleier oftast å gå om sommaren. Sjå meir informasjon på nettsidene til SIU

Sist endret: 19.5.2009