Gå til innhold
English A A A

Kvifor bør du reise?


Universitetet i Bergen satsar sterkt på å kunne gi deg eit breitt tilbod av delstudium i utlandet. Eit slikt delstudium kan vare i 3-12 månadar og skal inngå som ein del av graden din ved Universitetet i Bergen, vanlegvis utan at du taper tid i studiane dine.

Det fins mange gode grunnar til å reise ut:

  • Språk: Det kan sjølvsagt vere ein fordel å reise til eit land der du meistrar språket, eller til eit universitet der undervisninga skjer på engelsk. Du må kunne følgje undervisninga og ta eksamen i verstslandet. Eit utvekslingsopphald kan også vere eit særs godt høve til å friske opp kunnskapane i eit anna språk enn engelsk. Da kan du få tilbod om gode språkstipend.
  • Personleg vekst: Å stå på eigne, skjelvande bein gjer deg til sjuande og sist tryggare! Dessutan får du eit internasjonalt kontaktnett og auka forståing for andre kulturar.
  • Fagleg utbytte: Kva vil passe best til fagsamansetjinga di? Finn du emne som UiB ikkje kan tilby, kan dette gi graden dinn spennvidd, og bli prikken over i'en! Dei fleste universitet har sine eigne spesialområde, og ved å velje eit universitet som passar til til fagområdet ditt, vil det styrkje utdanninga di.
  • Jobb: Arbeidsgivarar føretrekkjer søkjarar med internasjonal erfaring.
  • Økonomi: Studielånet varer lenger i land med lågare prisar. Lånekassen gir ekstra støtte til reiser og språkkurs. Med stipend frå Erasmus eller Nordplus får du enda meir pengar å rutte med!
  • Erfaringar andre har hatt: Ta kontakt med studentar som alt har studert i utlandet. Her finn du rapporter frå studieopphald som andre har hatt ved ulike universitet.

Hausten 2012 utførte Studieadministrativ avdeling ved UiB ei spørjeundersøking blant UiB-studentar som hadde vore/fortsatt var på utveksling. I kolonna til høgre finn du rapporten frå denne undersøkinga.




Sist endret: 18.6.2013

Last ned filer