Gå til innhold
English A A A

Finansiering


Som utanlandsstudent har du ofte meir å rutte med enn om du skulle studert i Norge. Utvekslingsprogramma Erasmus og Nordplus har gunstige stipendordningar, og Lånekassen gir ekstra stønad til reiseutgifter og eventuelle studieavgifter.


Stønaden frå Lånekassen kjem i tillegg til stipendet du får gjennom Erasmus og Nordplus. Søknad skjer på vanleg onlinesøknad til Lånekassen. Du får lik basisstønad (lån og stipend) frå Lånekassen for utdanning i Norge og i utlandet.

Lånekassen krev at undervisningsopplegget ditt ved vertsinstitusjonen er førehandsgodkjent som ein del av utdanninga di og at det ikkje fører til at du blir fagleg forsinka. Merk at utan endeleg godkjenning av opphaldet i etterkant av utanlandsstudiet vil Lånekassen registrere deg som forsinka i studiane.

Les meir om reglementet og søknadsprosessen på Lånekassen sine nettsider.

Studieavgifter

Ein del av våre samarbeidsuniversitet, særskilt utanfor Europa, opererer med studieavgifter (skulepengar). Lånekassen tilbyr ekstra stønad til slike skulepengar. Skulepengestønaden vert gitt med 70 % som stipend og 30 % som lån opptil kr 55 855.  Viss skulepengane er høgare enn makssatsen til Lånekassen kan du søkje om ekstra midlar. Sjå meir om Lånekassens reglement.

Erasmus, Nordplus og mange bilaterale avtalar gir fritak frå studieavgifter.

Reisestønad

Lånekassen sin reisestønad for utanlandsstudium er 70 % stipend- og 30 % lånefinansiert. (For studium i Norden blir alt utbetalt som stipend.) Du kan få stønad til ei tur-retur-reise til studentpris per semester.

Du kan finne ut kor mykje du kan få i reisestønad ved å sjå på Lånekassen sine nettsider.

Du vil som Nordplus-student få eit eige reisestipend i tillegg til det vanlege Nordplus-stipendet. Viss du er under 25 år vil du få tilsvarande fråtrekk i reisestønaden frå Lånekassen. Er du over 25 år og skal studere i Norden har du ikkje krav på reisestønad frå Lånekassen. Du vil då ha glede av reisestipendet frå Nordplus. I resten av verda får du reisestønad frå Lånekassen sjølv om du er over 25 år.

Språkkurs

Når undervisningsspråket ikkje er engelsk kan du få ca. 15.000 kr i ekstra stipend frå Lånekassen viss du tek språkkurs i undervisningsspråket før delstudiet tek til. Dette gjeld ikkje viss du skal vere språkstudent under utvekslingsopphaldet. Kurset må vare i minst 4 veker, ha minst 15 timar undervisning per veke og det påfølgande delstudiet må vare i minst eitt semester. Saman med søknaden om språkstipend (ikkje standardisert skjema) må du leggje ved opptaksbrev som viser lengd og tidsrom for kurset. Her finn du Lånekassens regelverk for støtte til språkkurs.

Erasmusstudentar kan i tillegg få auka Erasmusstipend for å dekkje utgifter til språkkurs i Norge før utanlandsopphaldet.

Viss du vil studere i eit europeisk land med eit anna språk enn engelsk, fransk, spansk eller tysk kan du få tilbod om gratis språkkurs i vertslandet før semesteret startar. Også ved ei rekkje tyske universitet kan du få tilbod om gratis språkkurs, dersom du skal vere Erasmusstudent. Ta kontakt med Studieadministrativ avdeling viss du er interessert.

Søk fleire stipend

Nedanfor ser du et utval av organisasjonar som gir stipend for studium i utlandet. Meir informasjon finn du på organisasjonane sine eigne nettsider:

Norges forskningsråd, Internasjonale stipend

Forskningsrådet tilbyr stipend til yngre forskarar og studentar som planlegg studieopphald i utlandet. Tilboda gjeld 22 ulike land og kan vare frå kortare sommaropphald til eitt år. Dei fleste stipend til studie- og forskingsopphald i utlandet under dei såkalla kulturavtalane (statsstipend og sommarstipend) har søknadsfrist 1. oktober eller 1. desember.

The U.S.-Norway Fulbright Foundation for Educational Exchange
Fulbright-kontoret i Norge utlyser kvart år stipend for PhD- og mastergradsstudium ved universitet i USA.

Norge-Amerika Foreningen
Norge-Amerika Foreningen deler kvart år ut ei rekkje stipend både til bachelor- og mastergradsstudium, samt til forsking, i Nord-Amerika.

Das Deutsch-Norwegische Studienzentrum (DNSZ) - Kiel
Det tysk-norske studiesenteret i Kiel deler ut eitt stipend i semesteret til norske studentar som vil studere eit semester ved Universität Kiel. Studentar frå alle fag unntatt medisin kan søkje. Stipendet er på 510 euro i månaden.

Sist endret: 7.2.2012