Kvar vil du dra?
Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar innan dei fleste fagfelt og i alle verdsdelar. Variasjonen er stor, moglegheitene er mange, og valet er ditt!
I menyen til høgre finn du informasjon om utveksling i Norden, Europa og resten av verda. På den måten kan du få hjelp til å velje det som passar deg best, og du kan søkje deg fram til aktuelle studiestadar.
I tillegg har kvart fakultet eigne nettsider der dei informerer om utvekslingstilbod som er reservert studentane ved dei einskilde fakulteta.
Men først av alt vil det lønne seg å tenkje gjennom kva du ønskjer å få ut av delstudiet i utlandet. Start tidleg med å vurdere faktorar som språk, kva fag du vil studere og kva slags erfaringar du ønskjer å hauste. Dess meir du veit om aktuelle land og lærestadar, dess lettare er det å bestemme seg. Start difor tidleg med å leite opp informasjon!
Vi hjelper deg eit stykke på veg. Finn meir informasjon i menyen til høgre.
-
-
Utveksling i Norden
Viss du ønskjer å studere i Norden, kan du nytte deg av Erasmusavtalar mellom UiB og nordiske universitet, eller du kan reise ut gjennom det nordiske utvekslingsprogrammet Nordplus.
-
Utveksling i Europa
UiB har rundt 650 erasmusavtalar med 270 ulike universitet. Vi har også nokre utvekslingsavtalar med universitet i Europa utanom Erasmusprogrammet. Dette gjeld særleg på Dei britiske øyer og i Polen.
-
Utveksling utanfor Europa
Utanfor Erasmus/Nordplus skjer utvekslinga gjennom bilaterale avtalar, det vil seie samarbeidsavtalar som er inngått direkte mellom UiB og eit anna universitet. Her finn du ei oversikt over UiB sine utvekslingsavtalar.
-