Til Australia gjennom nettverk?
UiBs deltaking i Australian European Network (AEN) og Utrecht Network (UN) gir deg muligheita til å tilbringe eit semester eller to i Australia, utan å måtte betale skulepengar.
- Studieplassar
- Macquarie University
- University of Western Sydney
- University of Wollongong
- Griffith University
- University of Tasmania
- Deakin University
- Edith Cowan University
Studieplassar
UiB kan sende minst ein student på AEN-utveksling kvart år. Du kan velje mellom 7 australske universitet i ulike deler av landet.
Det er kun ein søknadsfrist kvart år (i februar) og fristen gjeld for heile det kommande akademiske året, altså både haustsemesteret og/eller vårsemesteret.
Macquarie University
Macquarie University (New South Wales) vart etablert i 1967 og har vokse frå å vere ein liten innovativ institusjon til eit mangfaldig universitet i eit av dei leiande høgteknologiområda i Australia. Campus ligg nydeleg til 18 kilometer nord-vest for Sydneys forretningsdistrikt. Du kan lese meir om MU her.
På nett: http://www.mq.edu.au
University of Western Sydney
University of Western Sydney (New South Wales) vart etablert i 1989 gjennom ei samanslåing av tre utdanningsinstitusjonar, den eldste med røter tilbake til 1891. Med sine seks campusar (alle 30-60 minutt frå Sydney) og rundt 29.000 studentar, er universitetet det 9. største i Australia. Over 2.600 utanlandske studentar skaper et internasjonalt miljø, med små klassar og eit breitt fagtilbod.
På nett: http://www.uws.edu.au
University of Wollongong
University of Wollongong (New South Wales) profilerer seg som eit fleksibelt universitet som tilpassar seg studentane sine behov. Universitetet ligg i den multikulturelle byen Wollongong, ein times kjøretur frå Sydney. Hovudcampus ligger flott til rett utanfor byen.
På nett: http://www.uow.edu.au
Griffith University
Griffith University (Queensland) er plassert ved Australias såkalla Gullkyst og har meir enn 21.000 studentar fordelt på sine seks campusar. Griffith er det australske universitetet som mottar flest norske studentar.
På nett: http://www.gu.edu.au
University of Tasmania
University of Tasmania (Tasmania) vart etablert i 1890 og er eit av Australias eldste universitet. Universitetet har rundt 12.000 studentar og rundt 1.000 av desse er internasjonale studentar frå fleire enn 40 land. UoT er det einaste universitet i staten Tasmania og har derfor eit breiare fagtilbod enn kva ein kan forvente ut frå institusjonen sin størrelse. Tasmania har gode studiemuligheiter i eit avslappa miljø i naturskjønne omgjevnader.
På nett: http://www.utas.edu.au
Deakin University
Deakin University (Victoria) er eit av Australias største universitet med over 70.000 studentar. Med sine seks campusar kan studentane velje i eit breitt fagtilbod.
På nett: http://www.deakin.edu.au
Edith Cowan University
Edith Cowan University (Western Australia) har 20.000 studentar fordelt på fem campusar. Dei profilerer seg som ein innovativ og framtidsretta institusjon. Studietilbodet og lokaliseringa (strender, vingardar og sol) har gjort universitetet til eit attraktivt mål for internasjonale studentar, og meir enn 60 nasjonalitetar er representert ved ECU.
På nett: http://www.cowan.edu.au
Sist endret: 21.1.2013