Gå til innhold
English A A A

Når kan du reise?


Uavhengig av kvar du vil reise: Ver ute i god tid! Det er ofte mykje som skal ordnast før du kan reise ut.

 

Når i studiet er det best å reise ut?

Det formelle kravet er at du må ha bestått minst 60 studiepoeng ved høgskule eller universitet innan du reiser ut. Dette er som regel ikkje noko problem - det tek likevel litt tid å planlegge utanlandsopphaldet. Du kan studere i utlandet både på lågare og høgare grad.

Nokre av studieprogramma på UiB set av utvalde semester der det passar best med eit delstudium i utlandet. Dette er råd som er verdt å følgje. For profesjonsutdanningane er det av praktiske årsaker berre høve til å reise ut ved enkelte semester i utdanninga. Ta kontakt med fakultetet ditt for meir informasjon.

Når på året er det best å reise?

Først og fremst bør du følge dei råda som vert gitt av studieprogrammet ditt og reise ut i det semesteret som vert anbefalt.

Er du på eit studieprogram der ein står meir fritt til å velje sjølv kjem det sjølvsagt an på korleis du har lagt opp løpet, men ofte lønner det seg å byrje utanlandsstudiet i det semesteret vertsuniversitetet har studiestart. Då risikerer du ikkje å kome inn midt i eit undervisningsopplegg, og i tillegg er det ofte fleire organiserte opplegg for nye studentar.

Dersom du ønskjer utveksling gjennom Erasmus i eit heilt studieår må du byrje utvekslinga i haustsemesteret.

Sjekk korleis studieåret er organisert der du ønskjer å studere. Utanlandske institusjonar har ofte ei anna inndeling av studieåret enn det norske systemet.

På den sørlege halvkula (til dømes Sør-Afrika og Australia) kan sommarferien vare frå desember til februar, og førstesemesteret vil dermed byrje i slutten av februar. I Tyskland byrjar vintersemesteret i oktober og varer til februar, medan sommarsemesteret byrjar i april og varer til juli. Slike "tidsskilnader" kan få konsekvensar dersom du returnerer midt i det norske semesteret.

Kor lenge bør du være ute?

Utvekslingsopphald kan normalt vare i alt frå tre månader til eitt år. Å finne seg til rette på ein ny stad kan ta tid, og mange studentar som har vore ute i eitt semester seier at dei ønska å vere i utlandet lenger. Då dei reiste heim hadde dei akkurat "kome i gang", både fagleg, språkleg og sosialt.

Korleis blir Erasmusplassane/friplassane fordelte

Dersom du ønskjer utveksling gjennom Erasmus i eit heilt studieår må du byrje utvekslinga i haustsemesteret. Ver også klar over at alle erasmusavtalane til UiB har begrensingar i forhold til talet på studentar som kan utvekslast kvart studieår.  Det betyr i praksis at det er flest erasmus-studieplassar å søke på i vårsemesteret (for å dra på utveksling i haustsmesteret). I haustsemesteret fordeler vi dei studieplassane som er igjen, det vil seie restplassar. Talet friplassar ved UiB sine samarbeidsuniversitet utanfor Europa vil variere etter kor mange innreisande studentar UiB har teke imot frå dei enkelte samarbeidsuniversiteta. Friplassane vert nytta etter kvart som UiB får beskjed om at det er friplassar tilgjengelege ved samarbeidsuniversiteta. Alle søkjarar vert automatisk vurderte for tildeling av dei tilgjengelege friplassane.

Sist endret: 7.2.2012