Før og under opphaldet
Etter at du har søkt om eit delstudium i utlandet har du framleis ein del førebuingsarbeid framfor deg. Her finn du informasjon om mykje av det du må hugse på.
Vi gir deg tips om kva du må hugse å gjere etter at du har søkt om eit utvekslingsopphald og medan du er i utlandet.
I kolonna til høgre finn du nokre viktige dokument:
- Brosjyra "Informasjon til studentar som reiser ut"
- Opplysningsskjema, skal fyllast ut og leverast til UiB før du reiser.
Les punkta nedanfor nøye!
- Før du drar frå UiB
- Bustad
- Visum og pass
- Helse og tryggleik
- Under opphaldet
- Før du drar heim
- Andre ressursar
Før du drar frå UiB
Du er framleis student ved UiB under utanlandsopphaldet. For ikkje å misse opptaket/studieretten din ved UiB må du betale semesteravgift ogstadfeste utdanningsplanen din ved UiB dei semestra du er på utveksling.
- I utdanningsplanen vel du "nytt emne". I emnevalslista finn du eit planelement som heiter utanlandsopphold eller utveksling, vanlegvis nedst på sida. Klikk på "vel" og planelementet kjem inn som ein del av utdanningsplanen. Trykk "Ok-lagre" og fullfør semesterregistreringa (utan å melde deg til eksamen, så lenge du ikkje skal ta eksamen ved UiB dette semesteret). Semesterkortet får du tilsendt i posten, til semesteradressa di, i løpet av nokre dagar.
- Utvekslingsstudentar som ikkje har utdanningsplan skal registrera seg med denne koden for utveksling på fakultetet sitt: SV-fakultetet: Z-UTVSV, HF-fakultetet: Z-UTVHF, MN-fakultetet: Z-UTVMN, Psykologisk fakultet: Z-UTVPS.
- Studentar på Det juridiske fakultet og på Det medisinsk-odontologiske fakultet skal semesteregistrera seg på annan måte. Høyr med fakultetet ditt dersom du er i tvil!
- Ta kontakt med fakultetet ditt dersom du får problem med semesterregistreringa.
- Hugs å betale semesteravgifta!
Bustad
- Søk om bustad gjennom vertsuniversitetet i god tid før semesterstart. Det er i mange tilfeller lettare å få ein plass å bu for to semester enn eitt. Ver budd på at standarden ikkje alltid er den same som i Noreg - utanfor Nord-Europa er det ganske vanleg å dele rom, toalett og/eller dusj med andre. I enkelte tilfeller inngår også mat i leiga.
- I mange byar kan det vere forholdsvis vanskeleg og dyrt å finne noko på den private marknaden. Vertsuniversitetet si bustadformidling kan ofte gi råd og hjelp til å finne bustad utanfor campus.
- Dessverre kan ikkje alle vertsuniversiteta garantere deg bustad. Då kan kanskje CasaSwap vere til hjelp. Nettstaden gir tilgang til ein database for bustadbytte der du legg inn ein profil som vert brukt for å matche søk i basen.
Visum og pass
- Mange land krev at du søkjer om visum når du skal opphalde deg i landet som student. Det kan vere vanskeleg å få endra status frå "turist" til "student" medan du er der. Det er ein fordel å byrje så tidleg som mogleg med visumførebuingane, ettersom desse kan ta lang tid. I enkelte land kjem du inn på turistvisum, men då må du som regel søkje om opphaldsløyve når er framkomen.
- Hugs å ha eit pass som er gyldig til minst seks månadar etter at du skal vere tilbake i Noreg!
Helse og tryggleik
- Skal du opphalde deg i eit EU/EØS-land eller i Sveits bør du skaffe deg eit Europeisk helsetrygdkort frå NAV.
- Norske statsborgarar som får støtte frå Lånekassen til studieopphald utanfor EU/EØS eller Sveits, får rett til stønad til helsetenester gjennom folketrygda. Du får då tilsendt trygdebevis til folkeregisteradressa di. Andre må søkje om å vere dekka av folketrygda i utlandet. Her kan du lese meir om kva dei dekkjer medan du er i utlandet.
- Folketrygda gir deg ikkje ei fullgod forsikring. Den inkluderer ikkje reise- og ulukkesforsikring og dekkjer ikkje innbu, heimtransport ved sjukdom med meir. Vi råder deg difor på det sterkaste til å teikne ei forsikring for studium i utlandet. Slike forsikringar får du mellom anna gjennom www.ansa.no, www.europeiske.no og www.gjensidigenor.no. Nokre forsikringar inkluderer sjukeforsikring, medan du må betale ekstra for dette hos andre.
- Treng du å vaksinere deg før utanlandsopphaldet? Undersøk på www.fhi.no kva som blir tilrådd for det landet du skal til. Kontakt www.reisemedisin.com, www.volvat.no, www.bergen-reisemedisin.com, Infeksjonsførebyggjande kontor i Bergen kommune (tlf. 55 57 78 00) eller eit anna vaksinasjonskontor. Der får du naudsynte vaksiner og rådgjeving om reisemedisin. Det kan vere lurt å ringe rundt til fleire for å forhøyre deg om prisar først. Nokre vaksiner må du ta i god tid før du reiser.
- I enkelte land kan du risikere å bli nekta innreise eller å bli "tvangsvaksinert" på flyplassen dersom du ikkje kan dokumentere at du har tatt dei pålagde vaksinane.
- Dersom du har ein kronisk sjukdom bør du kontakte legen din før du reiser. Er du avhengig av reseptpålagde medisinar, må du syte for å få med deg nok av desse. Det kan også vere ein fordel å få med seg ei stadfesting på engelsk på at dette er medisinar du er avhengig av, fordi dei vil kunne falle inn under narkotikalovgivinga i enkelte land.
- Ta omsyn til helsetilstanden din når du vel studieland. Ver klar over at du ikkje er garantert tilgang til helsetenester og medisinar på same måte som i Norge.
- Les nøye gjennom UiB si brosjyre Informasjon til studentar som reiser ut (i pdf-format), og fyll ut og lever opplysningsskjema/eigenerklæring for studentar. Skjemaet bør opnast og skrivast ut i Word.
- Ver orientert om tilhøva i landet du reiser til.
Under opphaldet
Dette må du hugse på medan du er i utlandet:
Registrering
- Hald familien heime og UiB oppdatert om kontaktinformasjonen din (adresse, e-postadresse, telefon) og om heimreisedato.
- Mange norske ambassadar og konsulat ønskjer at norske statsborgarar skal registrere seg hjå dei. Som hovudregel bør du registrere deg ved næraste norske utanriksstasjon ved lengre opphald i alle land utanfor Europa/Nord-Amerika. Oversikt over utanriksstasjonar finn du på www.landsider.no/stations eller www.norway.info.
- Dersom du reiser vekk i helger eller på ferie ønskjer nokre vertsuniversitet å bli oppdatert om kvar du er og når du kjem tilbake.
Tryggleik og behov for hjelp
- På denne nettsida finn du informasjon om kva du skal gjere dersom ein krisesituasjon oppstår som gjer at du treng hjelp medan du er i utlandet.
- I UiB si brosjyre Informasjon til studenter som reiser ut finn du ei rekkje gode råd om kva du skal gjere for å ivareta din eigen tryggleik, sjå menypunkt Brosjyre om tryggleik.
- Dersom du av ein eller annan grunn vantrivst og ønskjer å avbryte utvekslingsopphaldet, snakk først med koordinatoren ved vertsuniversitetet og den administrative koordinatoren for utvekslingsavtalen ved UiB. Det er godt mogleg at noko kan gjerast for å løyse problema dine.
Før du drar heim
Studentrapport
Ettersom dei erfaringane du gjer deg i utlandet er verdifulle for andre utreisande, må du levere ein rapport frå utvekslingsopphaldet ditt.
Godkjenning
- Det er lurt å samle god informasjon om kursa du tek (detaljerte kursskildringar, litteraturlister, skjema som viser talet på undervisningstimar, kopi av eksamenane dine osb.). Då vert det enklare for deg når du kjem heim og skal søke om endeleg godkjenning. Dette er særleg viktig dersom du skal søkje om spesifisert godkjenning.
- Karakterutskrifter vil i ein del tilfelle bli sende direkte frå vertsuniversitetet til studenten etter endt opphald. Dette gjeld hovudsakleg for dei som har vore på Erasmus-utveksling. Nokre universitet kan gi studentane utskrifter før dei reiser heim, men i dei fleste tilfelle vil utskriftene bli sende til Studieadministrativ avdeling. Vi tek kontakt med studenten så snart vi mottek karakterutskrifter frå samarbeidsuniversitet i utlandet". Ver oppmerksam på at det kan ta fleire månader før utskriftene kjem.
- Presenter karakterutskrifta di for studieprogrammet/fakultetet ditt så fort du kan, i samband med at du søkjer om endeleg godkjenning av studia i utlandet.
Andre ressursar
- Oversikt over norske utanriksstasjonar: www.norway.info
- Land- og reiseinformasjon frå Utanriksdepartementet: www.landsider.no
- Den norske kyrkja i utlandet: www.sjomannskirken.no
- ANSA (Association of Norwegian Students Abroad): www.ansa.no
- Beredskapstelefon ved UiB: + 47 55 58 85 00
- Beredskapstelefonen til Sjømannkyrkja + 47 95 11 91 81
Sist endret: 2.10.2012
Last ned filer
- Brochure "Information for Students Going Abroad" (PDF-fil, 266 Kb)
- Brosjyre "Informasjon til studentar som reiser ut" (PDF-fil, 238 Kb)
- Opplysningsskjema bokmål/nynorsk (PDF-fil, 67 Kb)
- Opplysningsskjema engelsk (PDF-fil, 49 Kb)
- Opplysningsskjema grupper (PDF-fil, 76 Kb)