Godkjenning av studieopphald i utlandet
Delstudiet i utlandet skal kunne gå inn i graden din ved UiB, og godkjenning av utanlandsopphaldet er naudsynt for å unngå å verte forseinka i studiane. Utvekslingsopphaldet må difor vere fagleg førehandsgodkjent som ein del av utdanningsplanen din på studieprogrammet før du reiser ut.
Også Lånekassen krev at du har ein slik førehandsgodkjenning frå fakultetet eller instituttet ditt for at du skal kunne få støtte for eit delstudium i utlandet.
Ei førehandsgodkjenning er ein garanti for at det du studerer i utlandet vil kunne gå inn i den norske graden din. Når du har gjennomført studia i utlandet, må du syte for å få endeleg godkjenning og innpassing.
Søkje om førehandsgodkjenning
Fakulteta og studieprogramma har ulik praksis for godkjenning. Ta kontakt med fakultetet, instituttet eller studieprogrammet ditt for nærare informasjon. Dei kan også hjelpe deg med å sette opp dei kursa du skal ta ved det utanlandske universitetet. I menyen til høgre finn du lenker til eigne nettsider om godkjenning på dei ulike fakulteta.
-
Godkjenning av studieopphald i utlandet ved Det juridiske fakultet
Skal du reise på studieopphald i utlandet må du alltid hugse å søkje om førehandsgodkjenning og om endring av utdanningsplan frå Det juridiske fakultet (same skjema) før du reiser ut og om endeleg godkjenning når du kjem att.
-
Godkjenning av studieopphold i utlandet ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Utvekslingsopphaldet er ein del av graden din. Du som skal reise på utveksling må søkje om førehandsgodkjenning av delstudiet før du reiser. Når du kjem heim skal dei kursa du har tatt eksamen i innpassast i graden din.
-
Godkjenning av studieopphald i utlandet ved Det humanistiske fakultet
Studentar som skal ta delstudiar i utlandet ved studieprogram som tilhøyrer HF-fakultetet søkjer om fagleg førehandsgodkjenning samt endeleg godkjenning av delstudium i utlandet til HF-fakultetet.
-
Godkjenning av studieopphald i utlandet ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Alle studentar som skal reise på utveksling og studere samfunnsvitskaplege fag må søkje om førehandsgodkjenning av delstudiet før dei reiser.
-
Godkjenning av studieopphald i utlandet ved Det medisinsk-odontologiske fakultet
Et delstudium i utlandet skal kunne inngå i din grad ved UiB.