Søknadsfristen
Søknadsfristen for utveksling gjennom Universitetet i Bergen sine avtalar, med utreise i studieåret 2013/2014, er 1. februar 2013. Suppleringsfrist for vår 2014 er 1. september.
Søknadsfristen er 1. februar uansett om ein planlegg å starte utvekslinga på hausten eller om våren.
I tillegg vert det gjort eit suppleringsopptak der restplassar for utreise våren vert fordelte. Søknadsfristen for dette suppleringsopptaket er 1. september. Etter denne fristen vert restplassane tildelt, altså dei plassane som er att etter at alle kvalifiserte søkjarar har blitt nominert til utveksling i samband med søknadsfristen 1. februar.
Sist endret: 13.6.2013