Gå til innhold
English A A A

Søknadsprosessen


Søknad om utveksling skjer online gjennom Søknadsweb. I suppleringsopptaket kan du søkje deg til restplassar for vårsemesteret 2014 ved UiBs samarbeidsuniversitet. Søknadsweb opnar for suppleringsopptaket den 15. august. Hugs søknadsfristen den 1. september!

Søknadsprosessen

Søknadsprosessen

Detaljane i søknadsprosessen varierer etter kva avtale eller program du skal reise ut gjennom, men felles for alle avtalar/program (bortsett frå sommarkurs) er at du må følgje desse tre trinna som fyrste del av søknadsprosessen:

  1. Lese denne infosida nøye.
  2. Hente nummera på søknadsalternativa dine i databasen Søknadsalternativ 2013/14.
  3. Gå til Søknadsweb og legg inn nummera på søknadsalternativa dine. I merknadsfeltet skal du kort skrive noko om språkkunnskaper (gjeld ikkje engelskspråklege studier) og fagval/korleis delstudiet skal inngå i UiB-graden din, maks 2000 teikn. Fyll elles ut det du blir beden om og send søknaden. Du har 10 minuttar på deg til å fullføre søknadsskjemaet, så du bør ha det meste klart før du opnar Søknadsweb.

Du kan reise ut gjennom følgjande avtalar/program:

I menypunkta Krav til søkar, Fristar og Kvar vil du dra og under finn du generell informasjon til alle studentar som planlegg å søkje om utveksling. I dei andre menypunkta kan lese meir konkret om dei ulike stega i søknadsprosessen for avtaletypen du planlegg å søkje gjennom. Det er fullt mogleg å leggje inn søknadsalternativ i prioritert rekkefylgje frå ulike avtaletypar i ein og same søknad. Dersom du skulle ynskje å endre på rekkefølga på universiteta du har satt opp i søknaden din, må du fyrst trekke søknaden, for deretter å legge inn ein ny, innan 1. september.

Meir informasjon om prosessen vil du kunne få frå studierettleiar ved ditt fakultet/institutt eller frå Seksjon for internasjonalisering av studier.

Hugs på at levering av søknaden i søknadsweb berre er fyrste steg i søknadsprosessen. Dersom du vert nominert av UiB til å reise på utveksling, er neste steg i prosessen å søkje om opptak til den aktuelle lærestaden ute i verda. Du vil få informasjon og hjelp av UiB til å gjere dette.

Krav til søkar

Følgjande minimumskrav gjeld for den som vil søkje om utveksling:

  • Du må ha opptak til eit ordinært studieprogram ved UiB når du søkjer
  • Opptaket må vere gyldig i heile utvekslingsperioden
  • Du må ha bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før du reiser ut
  • I søknaden må du leggje fram ein plan for delstudiet ditt i utlandet og korleis det skal inngå som ein del av utdanninga di ved UiB
  • Delstudiet i utlandet må vere fagleg førehandsgodkjent som ein del av utdanningsplanen din ved UiB før du reiser ut. Ein rår til at du søkjer om førehandsgodkjenning etter at du har søkt om, og er nominert til, utveksling.
  • Du må vere semesterregistrert ved UiB og betale semesteravgift i heile utvekslingsperioden

Studentar på årsstudium, etter- og vidareutdanning eller med poststudierett kan ikkje søkje om eller reise på utveksling.

Fristar

Søknadsfristen er 1. februar for utveksling med utreise studieåret 2013/2014 gjennom UiB sine avtalar.

Søknadsfristen er 1. februar uavhengig av  om ein planlegg å starte utvekslinga på hausten eller om våren.

I tillegg vert det kvart haustsemester gjort eit suppleringsopptak der restplassar frå opptaket for den komande våren vert fordelte. Søknadsfristen for suppleringsopptaket er 1. september. Studentar søker på same måte til 1. september-opptaket som til 1. februar-opptaket.

Kvar vil du dra

Her finn du ei oversikt over universiteta UiB har samarbeidsavtalar med. Merk deg at det i suppleringsopptaket ikkje vil vera plassar tilgjengeleg ved samtlege universitet.

Det er viktig at du les deg opp om studiestadar og fagtilbod og bestemmer deg for eit utval universitet du ynskjer å søkje deg til, og ikkje minst kva semester du ynskjer å søkje deg ut, før du går vidare til søknadsweb. Du kan leggje inn fem alternativ i søknadsweb. Det er viktig at du har tenkt gjennom at du verkeleg har lyst til å reise til alle desse stadene.

Blant dei fem alternativa kan du blande erasmusavtalar, bilaterale avtalar, Nordplus og nettverk. Kan vi ikkje tilby plass på ditt førsteval går vi vidare på lista di. Kan vi ikkje tilby deg nokon av desse så sender vi deg ei melding på studenteposten din med tilbod om å legge til fleire alternativ, men då kan det vere for seint i forhold til mange søknadsalternativ, spesielt i USA og Australia.

Bilaterale avtalar

Les deg opp på nettsidene og sjå kva land og universitet UiB har avtalar med. 

Bestem deg for eit utval universitet du ynskjer å søkje deg til, gå deretter til databasen Søknadsalternativ 2013/14, finn kodenummera til desse universiteta og noter deg desse.

Deretter går du til Søknadsweb og skriv inn nummera i prioritert rekkefølgje, fyller inn dei andre opplysningane du vert beden om og sender søknaden. Du vil få tilsendt ei kvittering når du har sendt inn søknaden.

NB! Dei som søkjer seg til Japan skriv inn kva semester dei ynskjer å reise ut i merknadsfeltet.

Erasmus

For å finna fram til dei ulike universiteta går du til databasen Søknadsalternativ 2013/14. Her finn du òg kodenummera til universiteta du ynskjer å søkje deg til – noter deg desse. 

Dersom du vil vite kor mange studieplassar UiB har tilgjengeleg og kor lenge ein kan studere ved det enkelte universitetet (eitt eller to semester), kan du kikka i Erasmus-databasen.

Deretter går du til Søknadsweb og skriv inn nummera i prioritert rekkefølgje, fyller inn dei andre opplysningane du vert beden om og sender søknaden. Du vil få tilsendt ei kvittering når du har sendt inn søknaden.

Nordplus

Utveksling gjennom Nordplus vert organisert i nettverk. I kolonna til høgre finn du eit dokument med oversikt over kva nettverk som finst for ditt fagområde, og kva institusjonar som er medlemmer i desse. Noter deg nummera for søknadsalternativa og gå videre til Søknadsweb.

Her skriv du inn nummera i prioritert rekkefølgje, fyller inn dei andre opplysningane du vert beden om og sender søknaden. Du vil få tilsendt ei kvittering når du har sendt inn søknaden.

NB! For søknader til Nordplus må du skrive inn kva semester du ynskjer å reise ut i merknadsfeltet.

Nordlys

Viss ikkje fagmiljøet ditt deltek i noko fagleg nettverk har du høve til å reise til nordiske universitet gjennom Nordlysnettverket. Dette er eit tverrfagleg nettverk og er eit tilbod for studentar som ikkje finn passande Nordplus-nettverk for utveksling til nordiske universitet. Sjå ei oversikt over universiteta i pdf-fila i kolonna til høgre. Her finn du òg nummeret til det aktuelle søknadsalternative.

Deretter går du til Søknadsweb og skriv inn nummera i prioritert rekkefølgje, fyller inn dei andre opplysningane du vert beden om og sender søknaden. Du vil få tilsendt ei kvittering når du har sendt inn søknaden.

NB! For søknader til Nordlys må du skriva inn kva semester du ynskjer å reise ut i merknadsfeltet.

Andre nettverk

  • AEN:
    UiBs deltaking i Australian European Network (AEN) og Utrecht Network (UN) gir deg muligheita til å tilbringe eit semester eller to i Australia, utan å måtte betale skulepengar. Søknadsfrist til utveksling gjennom nettverket er 1. februar kvart år. Les meir om dette nettverket her.

Dette nettverket har søknadsnummer 5950

Dette nettverket har søknadsnummer 5951

_____________________________________

Når du har notert deg søknadsnummeret på det aktuelle nettverket går du til Søknadsweb og skriv inn nummeret. I merknadsfeltet skal ein skrive opp inntil tre av universiteta ein kan tenkje seg å studere ved, i prioritert rekkefølge. Deretter fyller du inn dei andre opplysningane du vert beden om og sender søknaden. Du vil få tilsendt ei kvittering når du har sendt inn søknaden. NB! For søknader til nettverka må du skriva inn kva semester du ysnkjer å reise ut i merknadsfeltet.

Sommarkurs

UiB tilbyr utvekslingsopphald i form av sommarkurs ved Nordic Centre i India og Kina.

Desse kursa søkjer ein ikkje på gjennom Søknadsweb. Meir informasjon om søknadsprosedyre finn du på sida til kvar enkelt sommarskule.

Sist endret: 17.7.2013

Last ned filer