Sørviserklæringa om delstudium i utlandet samt godkjenning og innpassing av studium tatt i utlandet
Sørviserklæringa om delstudium i utlandet samt godkjenning og innpassing av studium tatt i utlandet
Mange ønskjer å ha eit utvekslingsopphald ved ein utanlandsk lærestad som ein del av graden sin. Den beste måten å ta eit delstudium i utlandet på er gjennom organiserte utvekslingsavtalar og -program. Mange av bachelorprogramma tilbyr særskilt tilrettelagde og førehandsgodkjente delstudium i utlandet som kan inngå i utdanninga di ved UiB.
Universitetets plikter og ansvar når det gjeld delstudium i utlandet samt godkjenning og innpassing av studium tatt i utlandet:
- Gi nøyaktig og oppdatert informasjon, retningslinjer og søknadsskjema for delstudium i utlandet gjennom utvekslingsavtalar og -program, førehandsgodkjenning og godkjenning/innpassing av fag
- Gi god rettleiing frå fakultet/institutt i faglege spørsmål, samt informasjon om korleis du får innpassa dine utanlandske eksamenar i ein norsk grad
- Passe på at søknadshandsaminga for godkjenning av utanlandske eksamenar frå delstudium i utlandet gjennom utvekslingsavtalar og -program ikkje tar meir enn 6-8 veker
- Syte for at studentanes tryggleik vert ivaretatt ved avtalte utanlandsopphald
Universitetet forventar at du som student:
- I god tid gjer deg kjend med kva fristar og reglar som gjeld for søknader delstudium i utlandet gjennom utvekslingsavtalar og -program, førehandsgodkjenning og godkjenning/innpassing av utdanning i utlandet
- Set deg godt inn i kva reglar som gjeld for å få lån og stipend til studium i utlandet
- Legg ved all nødvendig dokumentasjon når du skal søkje om førehandsgodkjenning og om godkjenning/innpassing av utanlandsk utdanning
- Som utvekslingsstudent held inngåtte avtalar i forhold til både heimeinstitusjonen og vertsinstitusjonen
Sist endret: 15.5.2012