Gå til innhold
English A A A

Intern overgang ved Det humanistiske fakultet


Studentar med studierett på eit årsstudium, bachelorprogram, integrert masterprogram eller profesjonsstudium ved HF eller andre fakultet kan søkje intern overgang til eit bachelorprogram ved HF.

Du kan søkje overgang til bachelorprogram i:

  • Arabisk
  • Arkeologi
  • Digital kultur
  • Engelsk
  • Filosofi og idéhistorie
  • Fransk
  • Gresk
  • Historie
  • Italiensk
  • Japansk
  • Kjønnsstudium
  • Kulturvitskap
  • Kunsthistorie
  • Latin
  • Litteraturvitskap
  • Nordisk
  • Religionsvitskap
  • Retorikk
  • Russisk
  • Spansk språk og latinamerikastudium
  • Språk og interkulturell kommunikasjon
  • Språkvitskap
  • Teatervitskap
  • Tysk

Desse programma har denne strukturen:

  • 30 stp. ex.phil og ex.fac
  • 90 stp. spesialiseringsfag
  • 60 stp. frie emne

Søknadsfrist

  • Frist for vårsemesteret: 1. november
  • Frist for haustsemesteret: 1. juni

Du søkjer på Søknadsweb, http://soknadsweb.uib.no. Programma blir lagt ut i Søknadsweb ein månad før søknadsfristen. Du får svar på søknaden innan Studentweb opnar for semesterregistrering (måndag i veke 25 i juni og måndag i veke 50 i desember).

NB: Studentar med studierett på eit bachelorprogram, integrert masterprogram eller profesjonsstudium må ha ein studierett på programmet dei søkjer overgang frå som er gyldig til minimum det neste semesteret for å kunne søkje. Studentar på årsstudium kan søkje heilt fram til det siste semesteret i årsstudiet.

Interne studentar som er kvalifiserte for overgang til eit av desse bachelorprogramma, vil få studieplass på bachelorprogrammet dei har søkt på dersom det er kapasitet nok på programmet. Ved overgangen avsluttar vi den opprinnelege studieretten din. Emne frå programmet du søkjer overgang fra blir innpassa i utdanningsplanen til programmet du får opptak til så langt det lar seg gjøre. Lengda på studieretten i det nye programmet blir justert i høve til dette.

Overgang mellom integrerte lektorutdanningar

Om det er praktisk mogleg, kan ein søkje overgang mellom dei to 5-årige lektorutdanningane ved HF:

Søknad om overgang mellom lektorutdanningane skjer ikkje i Søknadsweb, men på e-post til fakultetet: e-post post@hf.uib.no. Søknadsfristen er også her 1. juni for haustsemesteret og 1. november for vårsemesteret.

Studentar frå andre fakultet som søkjer overgang til studieprogram ved HF

Studentar med studierett på program ved andre fakultetet kan som nevnt søkje overgang til dei eit av bachelorprogramma ovanfor. Ved intern overgang til eit nytt bachelorprogram avsluttar vi den noværande studieretten din. Ikkje søk overgang dersom du vil behalde studieretten du allereie har.

NB: Studentar med gyldig studierett på eit studieprogram ved eit anna fakultet treng ikkje søkje om overgang berre for å ta einskilde emne på bachelornivå ved HF (eventuelle unnatak frå dette vil gå fram av emnebeskrivelsen). Du treng berre å undervisnings- og vurderingsmelde deg i emnet du ønskjer å ta.

Innpassing og godkjenning

I de frie programmene kan ein innpasse inntil 60 studiepoeng frie emne og 30 studiepoeng innføringsemne. Kontakt studierettleiar for detaljar.

Har du spørsmål?

Kontakt Infosenteret ved HF på e-post studierettleiar@hf.uib.no

Sist endret: 14.2.2012