Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning
Saman med fagutdanning kvalifiserer praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) til arbeid som lektor eller adjunkt i den vidaregåande skule og i grunnskulen heilt ned til og med femte trinn. PPU har opptak kvar haust.
Søknad skjer elektronisk via SøknadsWeb. All dokumentasjon skal óg lastast opp på SøknadsWeb.
Alle som har norsk personnummer kan bruke SøknadsWeb.
NB: Alle som får studieplass og har ekstern utdanning vil bli bedt om å framvise originale vitnemål/karakterutskrifter ved studiestart. (Ekstern utdanning = utdanning som ikkje er tatt ved Universitetet i Bergen.)
VIKTIG: les mer om elektronisk opplasting her
Eittårig praktisk-pedagogisk utdanning er et påbyggingsstudium som bygger på tidlegare avlagt høgare utdanning.
Dersom du har spørsmål om praktisk-pedagogisk utdanning, kan du ta kontakt med studierettleiar på e-post.
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 15. april
SøknadsWeb opner omlag ein månad før søknadsfristen går ut.
-
Opptaksgrunnlag for PPU
PPU byggjer på tidligare avlagt utdanning. Her får du informasjon om kva som er krevd for opptak til programmet.
-
Fagdidaktisk tilbod i PPU
For å få opptak til PPU må du ha fagleg fordjuping i fag som gir undervisningskompetanse i skulen og som universitetet tilbyr fagdidaktikk i. Her finner du ei oversikt over faga som blir undervist i det kommande semesteret.
-
Søknadsprosedyre for PPU
Opptaket til PPU blir behandla ved UiB. Her finn du informasjon om søknadsprosessen.