Kvalifikasjonsgrunnlag for fagdidaktikkemner ved eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Her finn du informasjon om kva for fagbakgrunn som kvalifiserer til opptak til PPU. Merk at det fagdidaktiske tilbodet kan variere frå opptak til opptak.
Du må kvalifisere for opptak i to fagdidaktikkemne for å vere kvalifisert søkjer til PPU. Ex.phil og ex.fac regnes ikkje som fordjuping innan eit fag, men reknas med i kravet om minimum 180 studiepoeng totalt som opptaksgrunnlag.
MAT-NAT
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet:
MN-fakultetet har utarbeidd ein oversikt over anbefalte emne med tanke på undervising. Dersom du planlegger å ta PPU bør du følgje anbefalingane for vidaregåande skule. Da vil du vere sikker på å kvalifisere for opptak. Men det kan også vere andre emnekombinasjonar som er relevante som opptaksgrunnlag. Det er dei einskilde fagmiljøa som vurderer dette. Ta evt. kontakt med studierettleiar på ditt fag i forkant av at du søkjer opptak til PPU.
Dersom du har tatt heile eller delar av fagutdanninga di ved ein annen institusjon, må du søkje om vurdering av opptaksgrunnlag i god tid før du søkjer opptak til PPU. Send inn skjema og legg ved vitnemål/karakterutskrift og emneskildringar/kopi av studiehandbok. Dersom det viser seg at du mangla noko for å vere kvalifisert for opptak til PPU, kan du søkje opptak til Årsstudiet i naturvitskapelige fag for å få tatt dei emna du manglar.
Dersom du allereie har ei bachelor- eller mastergrad frå UiB, men manglar eit eller fleire emne for å kvalifisere for opptak til PPU, kan du søkje om poststudierett for å få tatt dei.
SV
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Ved det samfunnsvitenskapelige fakultet kan du få undervisningskompetanse i:
- samfunnskunnskap
- medievitenskap
- informatikk/informasjonsvitenskap
- geografi
Kvalifikasjonsgrunnlaget til dei ulike faga følgjer her. Ekstern utdanning eller utdanning med annan emnesamansetting må vurderas av fagmiljøet (sjå "Skjema for vurdering av opptaksgrunnlag for PPU").
Les meir om lærarutdanning ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet her.
HF
Det humanistiske fakultet:
Engelsk: Årsstudium frå UiB kvalifiserer for opptak (60 sp innan faget, der 30 sp må vere lingvistiske emne). Andre årsstudium/utdanningar vert vurdert etter søknad.
Fransk: Årsstudium frå UiB kvalifiserer for opptak (60 sp innan faget, der 30 sp må vere lingvistiske emne). Andre årsstudium/utdanningar vert vurdert etter søknad.
Italiensk: Årsstudium frå UiB kvalifiserer for opptak. Andre årsstudium/utdanningar vert vurdert etter søknad.
Spansk: Årsstudium frå UiB kvalifiserer for opptak. For å kvalifisere til opptak til PPU-studiet må SPLA105 gå inn som eit av fire emne på 100-nivå. Andre årsstudium/utdanningar vert vurdert etter søknad.
Tysk: Årsstudium frå UiB kvalifiserer for opptak (60 sp innan faget, der 30 sp må vere lingvistiske emne). Andre årsstudium/utdanningar vert vurdert etter søknad.
Nordisk: Årsstudium frå UiB kvalifiserer for opptak. Studentar med fullført mastergrad i allmenn litteraturvitskap må supplere med språkdelen av nordisk årsstudium for å kvalifisere. Studentar med fullført mastergrad i allmenn lingvistikk må supplere med to emne frå nordisk litteratur for å kvalifisere. Andre årsstudium/utdanningar vert vurdert etter søknad.
Norsk som andrespråk: Årsstudium frå UiB kvalifiserer for opptak. Andre årsstudium/utdanningar vert vurdert etter søknad.
RLE: Årsstudium i religionsvitskap frå UiB eller andre universiteter vil normalt kvalifisere for opptak. Andre årsstudium/utdanningar vert vurdert etter søknad
Historie: For å kvalifisere til opptak i historiedidaktikk må studentar ha HIS101 og HIS102 i tillegg til minst 30 studiepoeng i andre historieemne.
Filosofi: Årsstudium frå UiB kvalifiserer for opptak. Ein kombinasjon av filosofi og idéhistorie der filosofi utgjer minimum 30 studiepoeng er også opptaksgrunnlag.
Utdanningar frå andre universitet og høgskular blir vurdert i forhold til om dei kan sidestillast med grunnfag/årsstudium i undervisingsfag som vert tilbode ved HF-fakultetet.
PSYK-FAK
Det psykologiske fakultet:
Psykologi: 60 sp i psykologiemner vil normalt kvalifisere til opptak. EXFAC03P og PSYK100 teller ikkje som opptaksgrunnlag.
Sist endret: 27.2.2013
Tilhører
Last ned filer
- Skjema for vurdering av opptaksgrunnlag for PPU (PDF-fil, 22 Kb)