Opptaksgrunnlag for PPU
PPU byggjer på tidligare avlagt utdanning. Her får du informasjon om kva som er krevd for opptak til programmet.
Opptaksgrunnlag
- Minimum 180 studiepoeng fra universitet eller høgskole.
- Master- og bachelorgrader prioriteres i opptaket
- Fagleg fordjuping i to fag med minimum 60 studiepoeng i kvart fag.
- Fagleg fordjuping i fag som gir undervisningskompetanse i skulen og som universitetet tilbyr fagdidaktikk i. Fagtilbodet kan variere frå eit opptak til eit anna.
- Eventuelt tilsvarande utanlandsk utdanning.
- Normalt må en ha et snitt på minst C i de undervisningsfag som er opptaksgrunnlaget. Det er dei einskilde fagmiljøa ved UiB som vurderer om utdanninga er relevant som opptaksgrunnlag til PPU. Avvik fra krav om C vil bli behandlet individuelt.
For å telle med i opptaksrangeringa av søkarane må grader og eksamenar vere fullført innan semesterstart det semesteret du ønskjer å begynne på PPU. Opptaket blir gjort under føresetnad av at eksamenar meldt inneverande semester blir greidde og at ein held ved lag eit C-snitt. Trekk du deg eller stryk på eksamenar meldt inneverande semester kan du miste tildelt studieplass (ikkje levert eksamensmeldt masteroppgave er også å rekne som ikke-avlagt eksamen). Det same gjeld dersom ein ikkje held ved lag C-snittet etter eksamen inneverande semester.
Sjå elles eige opptaksreglement.
Førehandsvurdering av utdanning
Søkjarar med utdanning frå andre universitet og høgskular der faget eller fagsamansetjinga ikkje er direkte samanliknbart med tilbodet ved UiB, bør i god tid få utdanninga vurdert i høve til opptaksgrunnlag til PPU (minimum grunnfag/60 studiepoeng) før dei søkjer om opptak. Dette gjeld i første rekke søkjarar med profesjonsutdanningar (eksempelvis sivilingeniørar og siviløkonomar), søkjarar med matematiske/naturvitskaplege fag og søkjarar med utanlandsk utdanning.
Har du ekstern utdanning som du ikkje har fått vurdert for opptaksgrunnlag innan søknadsfristen, risikerer du å få avslag på søknaden om opptak. Søkjarar med utanlandsk utdanning må få denne godkjent før dei søker opptak til PPU.
Bruk eige søknadsskjema (nynorsk / bokmål) for vurdering av opptakgrunnlag til PPU.
Politiattest
Jf. § 42 a i Lov om universitet og høgskular kan det bli kravd at det blir lagt fram politiattest for studium der studentar kjem i kontakt med elevar i praksisopplæring. Alle søkarar til PPU ved UiB må leggja fram politiattest ved semesterstart som stadfestar at dei ikkje tidlegare er sikta, tiltalt eller dømt for seksuelle overgrep mot barn. Denne attesten kan ikkje vere eldre enn tre månader.
Nærare opplysningar om dette blir sendt ut saman med evt.opptaksbrev.
Skikkethetsvurdering
Jf. Lov om skikkethetsvurdering i lærarutdanningane fastsett av Kyrke-, utdannings- og forskingsdepartementet 16. august 1999 med heimel i lov av 12. mai 1995 nr. 22 om universitet og høgskular § 54 c nr. 7. skal alle studentar i lærarutdanninga ved UIB skikkethetsvurderast.
Dette inneber at institusjonen har ansvar for ”ei heilskapsvurdering av studenten sine faglege, pedagogiske og personlege føresetnader for å kunne fungere som lærar. Ein student som utgjer ein mogleg fare for barnehagebarn og elever sine rettar, tryggleik og psykiske og fysiske helse er ikkje skikka for læraryrket.” Frå Forskrift om skikkethetsvurdering i høgare utdanning.
Sjå òg eigne nettsider om skikkethetsvurdering i lærarutdanningane.
Sist endret: 12.4.2013