Gå til innhold
English A A A

Opptak til psykologstudiet


Universitetet i Bergen har opptak til 5-årig psykologstudium ein gong i året på grunnlag av årsstudium i psykologi. Søknadsfrist: 15. april.

VIKTIG! I programfolderen og studerekatalogen for 2012/2013 står det feil om tal på studieplassar og søknadsfrist. Det er opptaks-informasjonen her på nettsidene som er korrekt.

Her finn du informasjon om opptaket, slik som søknadsfrist, søknadsprosedyre, kva som utgjer opptaksgrunnlaget, korleis søkjarne blir rangert, poenggrenser ved tidlegare opptak, og om når du får svar på søknaden.

Fakultetsstyret ved Det psykologiske fakultet vedtok 14. september 2011 ein omfattande revisjon av profesjonsstudiet i psykologi. Den reviderte studieplanen vil tre i kraft frå og med vårsemesteret 2012, og gjeld for det nye studentkullet og etterfølgande kull.

Du kan lese meir om den reviderte studieplanen her.

Søknadsfrist

Frist for å søkje opptak til psykologstudiet er 15. april. Kvart år vert 82 studentar tekne opp. Av desse har 41 av studentane studiestart om hausten i august, medan 41 studentar har studiestart vårsemesteret i januar.  

Søknadsfristen for søkjarar med utanlandsk utdanning er òg 15. april.

Søknadsprosedyre

  • Søknad skjer elektronisk via SøknadsWeb. Alle som har norsk personnummer kan bruke SøknadsWeb. Søknadsweb opnar om lag ein månad før søknadsfristen. Når du søkjer om opptak gjennom SøknadsWeb er det viktig at du fyller ut alle felta i skjemaet med søkjaropplysningar; inkludert privat e-post, noverende adresse og telefonnummer.
  • I SøknadsWeb har du to søknadsalternativ: oppstart haust eller oppstart vår. Om du ønskjer at søknaden din skal bli vurdert for begge alternativa, må du søkje på begge alternativ i prioritert rekkefølgje.
  • Du får tilsendt kvittering på mottatt søknad pr. e-post med ein gong du har sendt søknaden, og på denne kvitteringen vil det òg stå opplysningar om vidare saksgang for opptaket.
  • Etter at du har registrert søknaden i SøknadsWeb, vil du få tilsendt eit omslagsark i posten laga for å samle dokumentasjon som er nødvendig for å vurdere søknaden. Her skal du legge ved:
    - Attestert kopi av karakterutskrift/vitnemål på all høgare utdanning som ikkje er teken ved UiB
    - Eksamensmeldingar for inneverande semester, viss ikkje eksamen blir avlagt ved UiB.
  • Dersom du har utdanning fra utlandet må du i tillegg legge ved:
    - Detaljert beskrivelse av innhaldet i utdanninga.
    - Beskrivelse av vektingssystemet (det vil seie kor mange ECTS/credits/units som utgjer eit fulltidsstudium ved det eksterne universitetet).
    - Beskrivelse av karakterskalaen som det eksterne universitetet nytter.
    - Hvis du kun har utdanning fra utlandet må òg tilfredsstillande kunnskaper i norsk og engelsk dokumenterast. Les meir om språkkrav/language requirements.
  • Omslagsark med dokumentasjon skal returnerast til UiB til den adressen, og innan den fristen, som står oppgitt på omslagsarket. Merk konvolutten Opptak til psykologstudiet. Søkjarar som har heile utdanninga si fra UiB treng ikkje å sende inn dokumentasjon på utdanninga si og heller ikkje å returnere omslagsarket.
  • Ettersendingsfristen er 30. juni. Dette gjeld dokumentasjon for eksamenar der sensuren fell i inneverande semester. All annan relevant dokumentasjon må sendast saman med omslagsarket.

NB! Søknadar fra søkjarar der opptaksgrunnlaget ikkje er dokumentert innan fristen vil ikkje bli behandla. Manglande dokumentasjon vil ikkje bli spurt etter. Det er søkjar sitt ansvar at all relevant dokumentasjon er lagt ved søknaden.

Opptaksgrunnlag

Opptaket til psykologstudiet ved UiB baserer seg på årsstudiet i psykologi. Årsstudiet i psykologi består av Examen philosophicum, Examen facultatum og introduksjonsemne i psykologi. Alle søkjarar må ha fullført denne eller tilsvarande utdanning i utlandet, sjå Opptaksreglement for opptak til psykologstudiet ved UiB.

Dette utgjer opptaksgrunnlaget frå Universitetet i Bergen:

Eksamenar på emne som inngår i opptaksgrunnlaget må vere avlagt frå og med haustsemesteret 2003 (ved innføringa av nytt årsstudium i samband med kvalitetsreforma), med unntak av ex.phil. Søkjarar med opptaksgrunnlag der eksamenar er avlagde før hausten 2003 (med unntak av ex.phil.) vil bli vurdert individuelt basert på utdanning og arbeidserfaring.

For å bli rekna som kvalifisert søkjar må du ha eit karaktersnitt på C eller høgare.

Du er òg kvalifisert for å søkje dersom du har årsstudium i psykologi frå følgjande universitet og høgskolar:

  • Universitetet i Oslo
  • Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet
  • Universitetet i Tromsø
  • Høgskolen i Lillehammer
  • Ansgar teologiske høgskole

Særlege høve ved klagebehandling og opptak til psykologstudiet
Gjeld kandidatar som har klaga på karakterfastsetting medan dei samstundes søkjer opptak til psykologstudiet.

For opptak til psykologstudiet er søknadsfristen 15. april, med ettersendingsfrist 30. juni.

Ved opptak til psykologstudiet nyttast dei karakterane du har oppnådd når du sender inn søknaden som opptaksgrunnlag, sjølv om du har sendt inn klage over karakterfastsetting. På det tidspunktet klagekommisjonane har behandla ferdig klagesakene, vil opptaket til psykologstudiet normalt vere fullført.

Dersom du får betra ein eller flerie karakterar som resultat av klagebehandlinga, kan du søkje om opptak til psykologstudiet neste år på grunnlag av nye karakterar.

Rangering

Søkjarne vert rangert på grunnlag av gjennomsnittskarakter i dei karakterbelagde psykologiemna som inngår i opptaksgrunnlaget frå eitt av universiteta i Noreg, eller tilsvarande utdanning.

Rangering skjer ved at bokstavkarakterane blir erstatta med tallekvivalenter etter følgjande skala: A = 5, B = 4, C = 3, D = 2, E = 1. For kvart emne blir tallekvivalenten multiplisert med antall studiepoeng og produkta blir summert. Denne summen blir dividert med totalt antall studiepoeng, og resultatet blir rekna ut med to desimalar.

Døme:

  Studiepoeng Karakter Ekvivalent Produkt
Emne l 10 A 5 50
Emne 2 15 C 3 45
Emne 3 15 B 4 60
Sum 40     155

Gjennomsnittet blir 3,88

Talkarakterane blir erstatta med ein talekvivalent etter følgjande skala: 

Talkarakter Ekvivalent
1,0–2,24 5
2,25–2,54 4
2,55–2,74 3
2,75–3,04 2
3,05–4,0 1

Universitetet i Bergen tar opp 82 studenter til psykologstudiet kvart år. For å bli rekna som kvalifisert søkjar må du ha eit karaktersnitt på C eller høgare. Dersom fleire søkjarar har lik poengsum, vil opptaket bli avgjort ved loddtrekking.

Poenggrenser

Oversynet nedanfor viser kva karaktergrensa har vore ved opptak til psykologstudiet dei siste semestra*, samt tal på studieplassar og søkjarar ved kvart opptak.

 


Tal på søkjarar
Tal på studieplassar

Poenggrense

Haust 2012 323 82 (41 haust og 41 vår) 4,63
Vår 2012 146 41 4,75
Haust 2011 418 41 5,0

Vår 2011

194 41 4,63
Haust 2010
428 41 4,75
Vår 2010 111 41 4,75
Haust 2009 273 41 4,63
Vår 2009 96
36 4,50
Haust 2008 260 36 4,75
Vår 2008 132 36 4,50
Haust 2007 364 36 4,50
Vår 2007 111 36 4,38
Haust 2006 292 36 4,50
Vår 2006 81 36 4,38
Haust 2005 202 36 4,63
Vår 2005 133 36 4,63

*Fram til våren 2012 hadde profesjonsstudiet i psykologi opptak to gonger i året.

Resultat av opptaket

Svar på søknad

Resultatet av opptaket blir publisert på SøknadsWeb. Alle søkjarar får òg e-post til oppgitt e-postadresse med svar på søknad om opptak. Det er tre moglege utfall på søknad om opptak: tilbod, venteliste og avslag (ikkje kvalifisert).

Status Kva tyder det? Kva må du gjere?
Tilbod

Du har fått tilbod om plass på det femårige psykologstudiet ved Det psykologiske fakultet.

Dersom du ønsker å takke ja til tilbodet, gjer du dette på SøknadsWeb. (NB! Svar kan kun bli gitt via SøknadsWeb, ikkje per post/e-post/telefon.) Dersom du ikkje takker ja til plassen innan oppgitt frist, fell tilbudet om studieplass vekk.
Venteliste Du står på venteliste til det femårige psykologstudiet ved Det psykologiske fakultet. Du er vurdert som kvalifisert og kan få tilbod om studieplass i eit eventuelt suppleringsopptak.
Dersom du ønsker å stå på venteliste må du takke ja til dette på SøknadsWeb innan oppgitt frist, viss ikkje fell tilbodet om ventelisteplass vekk.
Ikkje kvalifisert Du er ikkje funnen kvalifisert / har fått avslag på søknaden om opptak fordi du ikkje tilfredsstiller opptakskrava (ikkje dokumentert relevant utdanning, ikkje oppfyller C-kravet, osb.)

 

Datoer og frister i opptaket med studiestart hausten 2012 / våren 2013

Når Kva Kor/korleis
15. april
Søknadsfrist Sjå søknadsprosedyre.
30. juni
Ettersendingsfrist Sjå søknadsprosedyre.
24. juli
Resultatet/svar på søknada foreligg. Publiserast på SøknadsWeb og i e-post.
29. juli
Svarfrist for søkjarar som får tilbod om studieplass og/eller ventelisteplass i hovudopptaket.
Du takker ja til studieplass og/eller ventelisteplass på SøknadsWeb.
30. juli Eventuelle nye tilbod om studieplass foreligg. Publiserast på SøknadsWeb og i e-post.
2. aug
Svarfrist for søkjarar som får tilbod om studieplass i 2. opptaksrunde. Du takker ja til studieplass på SøknadsWeb.
3. aug
Eventuelle nye tilbod om studieplass foreligg. Publiserast på SøknadsWeb og i e-post.
7. aug
Svarfrist for søkjarar som får tilbod om studieplass i 3. opptaksrunde. Du takker ja til studieplass på SøknadsWeb.

 

 

Sist endret: 17.10.2012