Klage på avslag
Fekk du avslag på søknad om opptak til studier i det samordna opptaket, så har du etter Forvaltningslova rett til å klage på dette vedtaket.
Saksgangen
Fristen for å be om ei grunngjeving for avslaget er 3 veker etter at du mottok avslaget, sjå § 29 i Forvaltningslova. Ta kontakt på e-post: opptak@uib.no.
- Du kan be om grunngjeving fram til tre veker etter at du fekk avslaget.
- Om det er gjort feil hos sakshandsamar, vil feilen bli retta opp og søknaden din vil bli handsama på nytt til det nasjonale suppleringsopptaket.
- Om du framleis ikkje er einig i avgjersla etter å ha fått grunngjevinga frå UiB, kan du klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok grunngjevinga. Klagen skal vere velgrunna og du skal argumentere for synet ditt.
- Klagesaken blir førebudd ved UiB og oversendt rette klageinstansen med alle vedlegg i saka.
Nasjonal klagenemnd
http://www.samordnaopptak.no/info/om/klagenemnder/
Den sentrale klagenemnda
For dei som har søkt opptak på grunnlag av realkompetanse, er Den sentrale klagenemnda ved UiB rette instans.
Kontaktinformasjon
E-post: opptak@uib.no
Telefon: 55 58 43 00 (kvardagar 11-12 og 13-14)
Adresse:
Universitetet i Bergen
Opptak
Postboks 7850 - Opptak NOM
5020 Bergen
Sist endret: 22.3.2013
- klage
- samordna opptak
- Søknad