Viktige datoar i det samordna opptaket
1. februar: Nettsøknaden opnar på Samordna opptak sine nettsider
1. mars: Frist for å søkje om plass ved UiB dersom du vil ha vurdert realkompetansen din. Dette er også fristen for søkjarar med utdanning frå land utanfor Norden, for søkjarar med IB, for søkjarar som ber om særskild vurdering i forhold til poenggrensene, og for søkjarar som ønskjer tidleg opptak.
15. april: Siste frist for å søkje om opptak til Universitetet i Bergen. På nettsøknaden din vil du finne eit følgjeskjema som du må sende inn innan ein gitt frist. Saman med følgjeskjemaet skal du sende inn dokumentasjon som kvalifiserar deg for opptak. Det er ikkje alle som må sende inn følgjeskjema.
1. juli: Frist for ettersending av dokumentasjon for utdanning og praksis som du avsluttar våren 2013, og frist for å omprioritere studieønske. Bruk ettersendingsslippen som du finn på nettsøknaden din når du sender inn ettersendingar.
20. juli: Tilbod om studieplass blir kunngjort på nettsøknaden din.
26. juli: Frist for å svare på tilbodet om studieplass og eventuell ventelisteplass.
Sist endret: 22.3.2013
Relevante lenker
- Samordna opptak