Opptakskrav
For å bli student ved Universitetet i Bergen må du anten ha generell studiekompetanse eller realkompetanse.
-
Generell studiekompetanse
Grunnlaget for opptak til universitet og høgskular er generell studiekompetanse. Det får ein normalt gjennom å ha greidd norsk treårig vidaregåande opplæring som gir studiekompetanse. Men det finst også andre vegar til generell studiekompetanse.
-
Unntak frå kravet om generell studiekompetanse
I einskilde høve er det mogleg å få opptak til høgare utdanning uten å ha generell studiekompetanse. Dette gjeld søkjarar med realkompetanse og søkjarar som har krav på dispensasjon.
-
Særskilde opptakskrav
Nokre studium krev særskilde fagkunnskapar i tillegg til generell studiekompetanse/realkompetanse. Dei særskilde fagkrava varierer frå studium til studium.
-
Søkjarar med utdanning frå utlandet
Utdanning frå utlandet kan også gi generell studiekompetanse. Krava varierer etter om du har utdanning frå eit anna nordisk land eller om du har utdanning frå land utanfor Norden.
-
For deg som er søkjar
Sørviserklæringa omfattar dei som søkjer opptak ved UiB, både norske og internasjonale søkjarar.