Generell studiekompetanse
Det generelle grunnlaget for opptak til universitet og høgskular er generell studiekompetanse. Det får ein normalt gjennom å ha greidd norsk treårig vidaregåande opplæring som gir studiekompetanse. Men der finns og andre vegar til generell studiekompetanse.
Vidaregåande opplæring
Generell studiekompetanse inneber at du:
- har eit vitnemål om fullført og greidd treårig vidaregåande utdanning
ELLER
- har fagbrev eller sveinebrev
OG
- har fullført og greidd faga norsk (393 årstimar), engelsk (140 årstimar), historie (140 årstimar), samfunnsfag (84 årstimar), matematikk (224 årstimar), naturfag (140 årstimar) .
Meir informasjon om generell studiekompetanse kan du finne på samordna opptak sine nettsider.
23/5-regelen
Ein annan veg til generell studiekompetanse er å søkja på grunnlag av ein kombinasjon av utdanning og praksis. Du kan søkje etter 23/5-regelen om du
- fyller 23 år i opptaksåret og kan dokumentere minst fem års praksis
OG
- har fullført og greidd faga norsk (393 årstimar), engelsk (140 årstimar), historie (140 årstimar), samfunnsfag (84 årstimar), matematikk (224 årstimar), naturfag (140 årstimar) .
Meir informasjon om 23/5 regelen kan du finne på samordna opptak sine nettsider. Søkjarar med beståtte fag frå Reform 94 eller tidlegare får godkjent fag etter overgangsreglar.
Høgare utdanning
Høgare utdanning kan kvalifisere som generell studiekompetanse viss søkjaren ikkje kan dokumentere generell studiekompetanse på bakgrunn av fullført og greidd vidaregåande opplæring eller etter 23/5-regelen. Sjå her for meir informasjon.
Utdanning frå utlandet
Søkjarar med utdanning frå utlandet kan bli kvalifisert for høgare utdanning i Noreg viss ein kan dokumentere at utdanninga frå utlandet er på nivå med norsk vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse. Søkjarane må i tillegg dokumentere kunnskapar i norsk og i nokre fall engelsk.
Utdanning frå land i Norden
Søkjarar med treårig videregåande utdanning frå andre nordiske land får generell studiekompetanse utan tilleggskrav i norsk når opplæringa gir generelt grunnlag for opptak til universitet og høgskule i dei respektive landa.
Språkkrav for søkjarar med utdanning frå land utanfor Norden
Norsk
Norskkravet blir godkjent når ein av følgande prøver er greidd:
- Norsk med 393 timar frå norsk vidaregåande opplæring.
- Eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta.
- Eksamen frå eittårig høgskolstudium i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar.
- Test i norsk, høgara nivå, ("Bergenstesten") med minimum 450 poeng.
Sjå her for meir informasjon om språkkrava og korleis du går fram for å skaffe dei nødvendige føresetnadene. Ver merksam på at Universitetet i Bergen ikkje tilbyr norskkurs til søkjarar som ønsker å kvalifisera seg for opptak til lavere grads studium.
Sist endret: 2.3.2012
- Generell studiekompetanse