Gå til innhold
English A A A

Særskilde opptakskrav


Nokre studium krev særskilde fagkunnskapar i tillegg til generell studiekompetanse/realkompetanse. Dei særskilde fagkrava varierer frå studium til studium.

Her får du ei samla og generell forklaring på dei særskilde opptakskrava som gjeld for studiar ved Universitetet i Bergen. Sjå opptakskrava for kvart enkelt studium for meir informasjon.

Merk at fagkrava inneheld fagkodar frå Kunnskapsløftet, den nye reformen i norsk vidaregåande opplæring. Søkjarar kan dekke krava med fag frå Reform 94 eller tidlegare ordningar. Utfyllande informasjon kan du finne på nettsidene til Samordna opptak.

Helse- og medisinske fag

MEROD
Matematikk R1 eller (S1 + S2)

+
Fysikk 1 og Kjemi (1 + 2)

Gjeld for studiar i medisin, odontologi, farmasi og human ernæring.

Realfag

REALFA
Matematikk R1 eller (S1 + S2)

+
Matematikk (R1 + R2) eller Fysikk (1 + 2) eller Kjemi (1 + 2) eller Biologi (1 + 2) eller
Informasjonsteknologi (1 + 2) eller Geofag (1 + 2) eller Teknologi og forskningslære (1 + 2)

Gjeld for dei fleste program ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet. Du finn opptakskrav og tilrådde forkunnskapar på kvart enkelt studium.

Informatikk- og økonomifag

MATRS
Matematikk R1 eller (S1 + S2)

Gjeld bachelorstudiar i datateknologi og IKT og femårig integrert masterstudium i samfunnsøkonomi.

Lærarutdanninga

LÆRER
Minimum 35 skolepoeng og minimum gjennomsnittskarakteren 3 i norsk (393 timar, gjennomsnitt av hovudmål, sidemål og munnleg) og matematikk (224 timar)

Gjeld for den femårige lærarutdanninga ved Det humanistiske fakultet.

LÆREAL
Minimum 35 skolepoeng og minimum gjennomsnittskarakteren 3 i norsk (393 timar, gjennomsnitt av hovudmål, sidemål og munnleg)
+
Matematikk R1 eller (S1 + S2)
+
Matematikk (R1 + R2) eller Fysikk (1 + 2) eller Kjemi (1 + 2) eller Biologi (1 + 2) eller
Informasjonsteknologi (1 + 2) eller Geofag (1 + 2) eller Teknologi og forskningslære (1 + 2)

Gjeld for femårig lærarutdanning i naturfag eller matematikk.

REALFA
Matematikk R1 eller (S1 + S2)
+
Matematikk (R1 + R2) eller Fysikk (1 + 2) eller Kjemi (1 + 2) eller Biologi (1 + 2) eller
Informasjonsteknologi (1 + 2) eller Geofag (1 + 2) eller Teknologi og forskningslære (1 + 2)

Gjeld for fireårig lærarutdanning i matematikk og naturfag.

Musikkutdanning

MUSUIB                                                                                                                                    Opptaksprøve. Du finn nærare informasjon hos lærestedet.

Gjeld 5-årig integrert mastergrad i musikkterapi.

Sist endret: 22.3.2013