Gå til innhold
English A A A

Unntak frå kravet om generell studiekompetanse


I einskilde høve er det mogleg å få opptak til høgare utdanning uten å ha generell studiekompetanse. Dette gjeld søkjarar med realkompetanse og søkjarar som har krav på dispensasjon.

Retningslinene er omtala i opptaksforskrifta

Realkompetanse

I fall du ikkje har generell studiekompetanse, men er over 25 år, kan du søkje opptak til studium på grunnlag av realkompetansen din. Realkompetanse er all kunnskapen du har skaffa deg gjennom yrkespraksis, uløna arbeid, organisasjonsarbeid, etterutdanning eller på anna vis. For å bli vurdert for opptak til studiar ved UiB, må ein kunne dokumentere minst 5 års praksis, samt gode kunnskapar i norsk og engelsk. Relevant erfaring er ein føremon.

Ver merksam på at realkompetansesøkjarar også må dekke særskilde opptakskrav!

Søknadsfrist for realkompetansesøkjarar er 1. mars. Meir informasjon finn du på nettsidene til Samordna opptak

Vurdering av realkompetanse

Viss du er usikker på om du har dei nødvendige føresetnadene for opptak, så kan du søkje Studieadministrativ avdeling om å få realkompetansen din vurdert eller få ein rettleiingstime. Ta kontakt på e-post: opptak@uib.no

Dispensasjon

I heilt særskilde høve kan det gjerast unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar under 25 år. Føresetnaden for at ein søknad om dispensasjon skal godkjennast er at søkjaren kan dokumentere at varig sjukdom, funksjonshemming eller liknande har gjort det umogleg å oppfylla alle krava til generell studiekompetanse.

Ver merksam på at dette er ei unntaksordning som ikkje gir ope tilgjenge til studium for alle som manglar generell studiekompetanse. Ordninga må ikkje forvekslast med søknad om særskild vurdering.

Sist endret: 22.3.2013