Poengutrekning
Her ser du korleis du rekner ut skulepoeng og konkurransepoeng. Ver merksam på at poenggrensene vil variere noko frå år til år.
I kvote for førstegongsvitnemål tel berre skulepoenga med (karakterpoeng og eventuelle realfags- og/eller språkpoeng). Søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og har eit førstegongsvitnemål, kan konkurrere i denne kvota. Alle søkjarar i kvota for førstegongsvitnemål konkurrerer samstundes i ordinær kvote med konkurransepoenga sine. Forbetringar, alderspoeng og andre tilleggspoeng tel i denne kvota. For utfyllande informasjon om poengrekning, sjå Samordna opptak sine nettsider.
Oversikt over poenggrensene i siste søknadsår, finn du på nettsidene våre.
Du kan også rekne ut karakterpoenga dine med karakterkalkulatoren til Utdanning.no.
Karakterpoeng
Karakterpoeng blir rekna som eit gjennomsnitt av alle karakterane som skal inngå i rangeringsgrunnlaget. Det vil seie generelle og spesielle opptakskrav, samt fag som utløyser realfags- og/eller språkpoeng. Snittet blir ganga med 10.
Realfags- og språkpoeng
Realfagspoeng
Hovudregelen er at kvart realfaglege programfag utløyser 0,5 realfagspoeng. Om du har teke realfagleg Matematikk R2 og Fysikk 2, blir kvar av desse løna med 1 poeng. Du kan totalt få 4 realfagspoeng.
Språkpoeng
Framandspråk tatt som programfag kan utløyse språkpoeng. Hovudregelen er at 40 årstimar gir 0,5 poeng, medan framandspråk nivå 3 (som byggjer på fellesfag nivå 2) gir 1,0 poeng.
Ein kan få realfags- og språkpoeng for fag tatt i andre reformer enn Kunnskapsløftet. Sjå Samordna opptak sine nettsider for informasjon om kva konkrete fag som gir realfags- og språkpoeng. Du kan få totalt 4 realfags- og/eller språkpoeng.
Tilleggspoeng
Tilleggspoeng blir gitt for anten militær-/sivilteneste eller folkehøgskole eller 1 års høgare utdanning frå universitet eller høgskole. Ver merksam på at alle må dokumentere høgare utdanning ved å sende inn karakterutskrift eller vitnemål. Dette gjeld også om du har tatt høgare utdanning ved same lærestad som du søkjar opptak til. Du kan få totalt 2 tilleggspoeng.
Alderspoeng
Alderspoeng blir normalt tildelt frå og med det året ein fyller 20 år. Viss du er 23/5 søkjar blir alderspoenga gitt frå og med det året du fyller 24 år. Du kan få totalt 8 alderspoeng.
Sist endret: 22.3.2013
- Poengutrekning Samordna opptak
- Karakterpoeng
- Realfagspoeng
- Tilleggspoeng
- Alderspoeng