Studentliv
Det finst tusen grunnar til å bli student. Du blir smartare. Klokare. Du får nye venner. Du opplever meir. Du lærer å forske. Du lærer deg sjølv betre å kjenne. Du lærer deg å tenkje kritisk.
Men livet som student er også for mange den fyrste gongen ein bur åleine og skal klara seg sjølv. Ein er altså nøydd å finna seg ein stad å bu og ordna med pengar for å betala for seg, og det er mange praktiske brikker som skal leggjast på plass kvar dag. I tillegg skal ein ha eit godt og rikt liv ved sida av studia. Alle desse tinga kan du få hjelp med.
Studentorganisasjonane er ein god måte å bli kjend med andre utanfor fagområdet sitt, og i tillegg til det sosiale kan ein og hausta erfaringar som kan vere gode å ta med seg ut i arbeidslivet. Bergen er ein by det er lett å bli inkludert i, og nesten kvar dag finst det tilbod om aktivitetar der studentane sjølv spelar hovudrolla. Så det er berre å sette i gong…
-
Studentmiljø
I Bergen finst det ei studentforeining for alt – og saknar du ei, er det berre å starte ho sjølv.
-
Bolig og velferd
Studentlivet er meir enn å studere. Studentsamskipnaden (SiB) legg til rette for at du skal få eit godt liv også utanfor lesesalen.
-
Økonomi og forsikring
Dei fleste studentane finansierer heilt eller delvis studia sine med lån og stipend frå Statens lånekasse for utdanning.