Universitetet i Bergen sine studentlegat
Søknadsfristen er 1. desember for tildeling følgjande kalenderår. Søkjarar som får tildelt stønad frå studentlegata, får melding på e-post 8. mars.
Felles for alle studentlegata
For å vere kvalifisert må søkjar kunne dokumentere minimum 60 studiepoeng ved UiB med karakter B eller betre, i tillegg til forprøver. Karakterane skal vere oppnådd ved normal studieprogresjon. Same person kan få tildelt stipend 2 gonger (Storetvedts legat berre éin gong). Søkjar må også vere aktiv student ved UiB gjennom heile søknadsåret.
Legata du kan søkje med felles søknadsskjema:
- Frøken Lina Asbjørnsens Stipendiefond vert delt ut til dyktige studentar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Marine disiplinar har førsteprioritet.
- Margrethe Bredal og Olaf Lies Legat vert i første rekkje delt ut til studentar som les helsefag.
- Overretssagfører N.J. Martens og hustru Gudrun Martens f. Koefoeds Legat vert delt ut til arbeidssame og dyktige studentar ved Universitetet i Bergen.
- Sorenskriver Joachim Monssens Legat vert delt ut til dyktige studentar ved Universitetet i Bergen.
- Fridtjof Sundts Legat og Signy og Ellert Wallendahls Legat vert delt ut til studentar ved Universitetet i Bergen.
- Carl Johan Storetvedts Legat vert delt ut til arbeidssame og dyktige studentar på master- og doktorgradsnivå som har vist innsatsvilje og rimeleg progresjon. Legatet vert berre delt ut til same person éin gong og søkjarar må ha eit karakternivå som kvalifiserer for Meltzerstipend.
Du kan laste ned "Instruks for tildeling av studentlegater" som pdf - her er tildelingskriteria skildra grundigare. Sjå høgre side.
Søknadsskjema |
Ettersendingsfristen for karakterutskrift med eksamenar tatt hausten 2012, er 18. januar. Alle vedlegg skal lastast opp i søknadssystemet.
Sist endret: 12.11.2012
- Legat
- Fond
- Studentlegat
- Stipend
Les andre saker om tema:
Last ned filer
- Instruks for tildeling av studentlegater (PDF-fil, 85 Kb)
- Instructions for awards from student bequests (PDF-fil, 22 Kb)