Studentmiljø
I Bergen finst det ei studentforeining for alt – og saknar du ei, er det berre å starte ho sjølv.
Bergen er kjent for det gode studentmiljøet. Aktive studentar og gode støtteordningar har saman skapt ein jungel av organisasjonar og klubbar: alt ifrå kor og idrettslag til teater og fotoklubb.
Vi rår deg til å jobbe frivillig i studietida. Tida i ein studentorganisasjon gir deg verdifull praksis, eit godt nettverk i studentmiljøet og ein sosial studiekvardag.
-
Kultur
Éin av fordelane ved å studere i ein universitetsby som Bergen, er at du alltid vil finne eit breidt kulturtilbod og noko som passar for deg.
-
Idrett og friluft
Anten du søkjer naturopplevingar, nye vener, å utfordre dine eigne fysiske og mentale grenser, eller berre vil lære noko nytt, har aktivitetsbyen Bergen mykje å by på.
-
Politikk og samfunn
Det finst mange forskjellige politiske grupperingar og organisasjoner i studentmiljøet i Bergen.
-
Internasjonale organisasjoner
UiB er eit universitet med fokus på internasjonalisering, både med tanke på utveksling av studentar, forsking og undervisning.
-
Studentmedia
UiB-studentane har eigen radio, TV-kanal, samt flere aviser, elektroniske tidsskrift og fagtidsskrift.