Humanistiske og estetiske fag
I dei humanistiske faga står mennesket i sentrum. Ein studerer korleis mennesket kommuniserer, kva mennesket tek seg til og kva det omgir seg med.
Ved UiB kan du også studere estetiske fag og lære meir om kulturuttrykk som litteratur, kunst og teater.
I tillegg har Griegakademiet studietilbod for deg som ønskjer å bli utøvande musikar eller musikkterapeut.
I lista til høgre finn du studieprogramma som UiB tilbyr innanfor humanistiske og estetiske fag. Er du spesielt interessert i eit bestemt fag kan du sjå oversikt over studievegar fordelt på fag.
Det finst også emnelister inndelt i fagområde.
Kontaktinformasjon
- E-post: studierettleiar@hf.uib.no
- Telefon: 55 58 93 70
-
Humanistiske fag
Kultur, idear, tradisjonar og kunst – alt dette seier oss noko om menneskeleg aktivitet opp gjennom historia. Studerer du humanistiske fag, får du eit innblikk i dei ulike sidene av menneske, samstundes som du lærer å setje spørsmålstegn ved måtar å sjå verda på.
-
Litteraturutdanningar
Kva er litteratur? Kva vil det seie å lese? Du studerer litterære sjangrar og teksttypar og dei historiske variasjonane i desse, i tillegg til litterære kanondanningar og dei ulike syna på diktekunsten som har vore gjeldande opp gjennom tidene.
-
Musikkutdanningar
Ved Griegakademiet kan du ta utøvande studium innan klassisk, jazz eller komposisjon. UiB samarbeider også med Ole Bull Akademiet på Voss, kor du kan ta utøvande studium i tradisjonsmusikk. Du kan dessutan studere musikkterapi, lærerutdanning eller musikkvitskap.
-
Religionsutdanningar
Du studerer dei store verdsreligionane, Austens religionar, og tidlegare religionar i Europa og Midtausten som ikkje lenger er levande, men likevel har spela ei viktig kulturell og historisk rolle.
-
Språkutdanningar
Språkfaga består av morsmålsfag, moderne framandspråk, filologiske fag og generell språkvitskap. Du vil også lære om kultur, litteratur og samfunnstilhøve i områda kor det bestemte språket brukast.