Lærarutdanningar og utdanningar i pedagogikk
Som lærar vil du påverke og inspirere den oppvaksande generasjon ved å gi av deg sjølv og av din fagkunnskap. Ved å utdanne deg til lærar ved UiB får du høve til å fordjupe deg i dei to faga du likar aller best. Du blir lektor eller adjunkt, ikkje allmennlærar. Det betyr tyngre fagleg kompetanse og høgare løn.
Du kan velje eitt av våre integrerte løp, der du tek ein grad med to undervisningsfag. Parallelt med fagstudiet lærer du korleis kunnskap vert utvikla, du reflekterer over faga og korleis du kan formidle dei. I tillegg har du praksis i skulen. Du kan også velje å ta ein bachelorgrad eller mastergrad i undervisningsfag og deretter ta eit eittårig påbyggingsstudium i praktisk pedagogikk (PPU).
Dersom du ikkje ønskjer å bli lærar, men er interessert i ei utdanning der læring, oppseding og undervisning står sentralt, bør du velje å studere pedagogikk.
Kontaktinformasjon
- Lærarutdanningar og pedagogikk: studierettleiar.psyfa@uib.no / 55 58 27 10
- Naturvitskap: studierettleiar.mnfa@uib.no / 55 58 30 30
- Språk: studierettleiar@hf.uib.no / 55 58 93 70
-
Lærar- og lektorutdanning
Du kan velje eitt av våre integrerte løp, der du tek ein grad med to undervisningsfag. Parallelt med fagstudiet lærer du korleis kunnskap vert utvikla, du reflekterer over faga og korleis du kan formidle dei. I tillegg har du praksis i skolen. Du kan også velje å ta ein bachelorgrad eller mastergrad i undervisningsfag og deretter ta eit eittårig påbyggingsstudium i praktisk pedagogikk (PPU).
-
Utdanningar i pedagogikk
Pedagogikkutdanninga gir ikkje lærarkompetanse. Pedagogikk handlar i vid forstand om kommunikasjon, kunnskap og læring. Du lærer å forstå individet i eit kulturelt og samfunnsmessig perspektiv, og du utviklar evna til å planlegge, leie og vurdere pedagogiske praksisar i ulike typar fellesskap.