Opptak til masterstudium ved Det psykologiske fakultet
Her finn du informasjon om opptak til masterstudium, slik som kva program du kan søke på, frist og prosedyre for å søke, opptaksgrunnlag og resultat av opptaket. NB. Søknadsweb opnar omlag ein månad før søknadsfristen.
Applying for our master's degree programmes taught in English? See: http://www.uib.no/psyfa/en/education/master#howtoapply
Søknadsfrist for opptak til våre masterprogram er 15. april i SøknadsWeb.
Masterprogram
Det psykologiske fakultet har opptak til følgjande masterprogram:
| Program | Oppstart | Tal på studieplassar |
| Master of Philosophy in Gender and Development | Annakvar haust (2013, 2015, osv.) | 14-18* |
| Master of Philosophy in Health Promotion | Annakvar haust (2012, 2014, osv.) | 20* |
| Masterprogram i barnevern | Annakvar haust (2013, 2015, osv.) | 20 |
| Masterprogram i helsefag - helsefremmende arbeid og helsepsykologi | Annakvar haust (2013, 2015, osv.) | 20 |
| Masterprogram i helsefag - logopedi | Kvar haust |
20 |
| Masterprogram i pedagogikk | Annakvar haust (2013, 2015, osv.) | 20 |
| Masterprogram i pedagogikk, IKT | Annakvar haust (2012, 2014, osv.) | 20 |
| Masterprogram i psykologi |
Kvar haust f.o.m. 2013 | 23 |
*Dette inkluderar også studieplassar til kvotestudentar og sjølvfinansierande utanlandske studentar.
Søknadsprosedyre
Søknad
Søknadsfrist er 15. april for opptak til haustsemesteret.
Søknad skjer elektronisk via SøknadsWeb. All dokumentasjon skal òg lastast opp på SøknadsWeb. Alle som har norsk personnummer kan bruke SøknadsWeb. Søknadsweb opnar omlag ein månad før søknadsfristen.
Når du søker om opptak gjennom SøknadsWeb er det viktig at du fyller ut alle felta i skjemaet med søknadsopplysningar; inkludert privat e-post, noverande adresse og telefonnummer.
Dokumentasjon
Når du søkjer på Søknadsweb, lastar du óg opp all relevant dokumentasjon i søknadsprosessen. Du skal også laste opp all utdanning frå Universitetet i Bergen. Du er sjølv ansvarleg for at all relevant dokumentasjon vert lasta opp. Høve som ikkje er dokumenterte i søknaden, vil det ikkje bli teke omsyn til. Du må laste opp:
- Original evt. attestert kopi av vitnemål på oppnådd bachelorgrad (eller tilsvarande grad, til dømes cand.mag.-grad). NB! Husk å ta med alle sidene av vitnemålet. Utanlandske vitnemål på andre språk enn engelsk eller skandinaviske språk må vere omsett til eitt av dei nemnte språka av ein autorisert translatør.
- Original evt. attestert kopi av karakterutskrift for alle dine oppnådde eksamenar. (Lastast opp viss du fullfører ein bachelorgrad dette semesteret, eller viss desse eksamenane ikkje inngår i graden men er relevante for opptaket.)
- Vurderingsmeldingar (for eksempel utskrift frå StudentWeb eller stadfesting frå lærestaden) for inneverande semester, viss du fullfører grad/forbetrar karakterane dine på opptaksgrunnlag dette semesteret.
- Ev. andre relevante papir (dokumentasjon på relevant praksis, motivasjonsbrev, osv.) viss det inngår i opptaksgrunnlaget (sjå opptakskrav for dei enkelte masterprogramma).
Dersom du har utdanning frå utlandet må du i tillegg laste opp:
- Emneplanar (inkludert pensum/litteraturliste) på engelsk, norsk eller anna skandinavisk språk som dokumenterer innhaldet i utdanninga.
- Utgreiing av vektingssystemet (dvs. kor mange credits/ECTS som utgjer eit fulltidsstudium) og karakterskalaen som den utanlandske lærestaden nyttar.
Viss du berre har utdanning frå utlandet må du òg laste opp:
- Dokumentasjon på tilstrekkelege engelskkunnskapar.
- Dokumentasjon på tilstrekkelege norskkunnskapar (gjeld ikkje opptak til Master’s Programme in Health Promotion og Master’s Programme in Gender and Development).
Les meir om gyldig dokumentasjon av språkkrav/language requirements.
Kvittering på mottatt søknad
Du får tilsendt kvittering på mottatt søknad per e-post med ein gong du har sendt søknaden, og på denne kvitteringen vil det også stå viktige opplysningar om vidare saksgang for opptaket.
Ettersending
1. juli er frist for omprioritering og ettersending av dokumentasjon.
Det vil seie at du kan omprioritere dine søknadsalternativ (men ikkje leggje til nye) på SøknadsWeb innan denne dato.
Dersom sensur ikkje er klar innan søknadsfristen, må du laste opp dokumentasjon på dette så snart sensuren foreligger, og seinast innen 1. juli. Dette gjeld dokumentasjon for eksamenar der sensuren fell inneverande semester og vitnemål (alle sider) for bachelorgrad som blir oppnådd i inneverande semester. Dersom du har all utdanninga di frå UiB held det at du lastar opp karakterutskrift. All anna relevant dokumentasjon må lastast opp innan søknadsfristen.
NB! Søknadar frå søkarar der opptaksgrunnlag ikkje er dokumentert innan fristen vil ikkje bli handsama. Manglande dokumentasjon vil ikkje bli etterspurd. Det er søkar sitt ansvar at all relevant dokumentasjon er lagt ved søknaden.
Opptaksgrunnlag
Opptaksgrunnlag er fullført bachelorgrad eller tilsvarande, med nærmare angitt spesialisering i det aktuelle faget. Opptakskrava for opptak til dei enkelte masterprogramma finn du ved å klikke på aktuelt program i tabellen over.
Studentar med utanlandsk utdanning som opptaksgrunnlag kan bli tatt opp til masterstudiet etter særskilt vurdering.
Fakultetet fastsetter fordelinga av studieplassar for kvart semester. Det er samanhengen mellom talet på søkarar, og kva karakterar desse har, og talet på studieplassar som avgjør kva som blir opptakskravet, og krava varierer frå semester til semester. Me kan derfor ikkje gje førehandsutsegn om kva som er karakterkravet for å bli tatt opp på masterprogram.
Dersom det er fleire søkarar til eit masterprogram enn det er plassar, vil opptaket skje i samsvar med det enkelte masterprogrammet sitt opptaksreglement.
Master i psykologi - karaktergrunnlag
Karaktergrunnlaget for den nye mastergraden i psykologi vart handsama i fakultetsstyret 9. april 2013. Vedtaket med karakterutrekningsgrunnlag finn du her.
Resultat av opptaket
Svar på søknad
Resultatet av opptaket vil bli publisert på SøknadsWeb. Alle søkarar får også e-post til oppgitt e-postadresse med svar på søknad om opptak. Det er tre moglege utfall på søknad om opptak; tilbod, venteliste og avslag (ikkje kvalifisert).
NB. Alle som får studieplass og har ekstern utdanning vil bli bedt om å framvise originale vitnemål/karakterutskrifter ved studiestart. (Ekstern utdanning=utdanning som ikkje er tatt ved Universitetet i Bergen.)
| Status | Kva betyr det? | Kva må du gjere? |
| Tilbod |
Du har fått tilbod om plass på eit masterprogram ved Det psykologiske fakultet. Viss du får tilbod om plass på det studieprogrammet du har som førsteprioritet i din søknad, bortfaller eventuelle tilbod på program du har prioritert lågare. Dersom du får tilbod om studieplass, vil det bli opplyst om tid og stad for orienteringsmøtet/første oppmøte i e-posten me sender til deg. |
Dersom du ønskjer å takke ja til tilbodet, gjør du dette på SøknadsWeb. (NB! Svaret kan berre bli gitt via SøknadsWeb, ikkje per post/e-post/telefon.) Dersom du ikkje takker ja til plassen innan oppgitt frist fell tilbodet om studieplass bort. |
| Venteliste | Du står på venteliste til det masterprogrammet du har prioritert høgast i din søknad om opptak. Du er vurdert som kvalifisert og kan få tilbod om studieplass i eit eventuelt suppleringsopptak. | Dersom du ønskjer å stå på venteliste må du takke ja til dette på SøknadsWeb innan oppgitt frist, viss ikkje bortfell tilbodet om ventelisteplass. Dette kan du gjere sjølv om du har takka ja til tilbod om plass på eit masterprogram du har prioritert lågare. |
| Ikkje kvalifisert |
Du er ikkje funne kvalifisert/har fått avslag på søknaden om opptak då du ikkje tilfredsstillar eit eller fleire av opptakskrava (ikkje dokumentert relevant utdanning, ikkje oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande grad, ikkje oppfyller C-kravet, osv.) |
|
Datoar og fristar i opptaket
Med atterhald om endringar.
| Når | Kva) | Kor/korleis? |
| 15. april |
Søknadsfrist | Sjå søknadsprosedyre. |
| 1. juli | Ettersendingsfrist | Sjå søknadsprosedyre |
9. juli |
Resultatet/svaret på søknadene er klart. | Publiserast på SøknadsWeb og per e-post. |
|
21. juli |
Svarfrist for søkarar som får tilbod om studieplass og/eller ventelisteplass i hovudopptaket. |
Du takkar ja til studieplass og/eller ventelisteplass på SøknadsWeb. |
23. juli |
Eventuelle nye tilbod om studieplass er klare. | Publiserast på SøknadsWeb, og per e-post. |
31. juli |
Svarfrist for søkarar som får tilbod om studieplass i 2. opptaksrunde. | Du takkar ja til studieplass på SøknadsWeb. |
2. august |
Eventuelle nye tilbod om studieplass er klare. | Publiserast på SøknadsWeb, og per e-post. |
7. august |
Svarfrist for søkarar som får tilbod om studieplass i 3. opptaksrunde. | Du takkar ja til studieplass på SøknadsWeb. |
Sist endret: 30.4.2013
Tilhører
Last ned filer
- opptaksreglement-mabarn-2013.pdf (PDF-fil, 17 Kb)
- Opptaksreglement Master i psykologi (PDF-fil, 74 Kb)