Medisin, odontologi og helsefag
Gjennom heile livsløpet spelar helse og livsstil inn på kvaliteten av liva våre.
Ved å studere eller forske innan UiB sine fagområde innanfor medisin, odontologi og helsefag vil du kunne bidra til å gjere menneska sine liv betre. Du kan førebyggje sjukdom, kurere lidingar, lindre smerte. Du kan opplyse menneska og gjere helsa og kvardagen deira betre. Medisin, odontologi og helsefag gjeld oss alle, og handlar om å hjelpe andre.
Studietilbodet ved UiB finn du i menyen til høgre. Det finst emnelister for medisinske fag og odontologiske fag, og for helsefag. Sjå studietilbodet i medisinsk biologi under biologiske fag.
Kontaktinformasjon
Medisin/human ernæring: info@mofa.uib.no / 55 58 64 00
Odontologi/tannpleie: info@mofa.uib.no / 55 58 64 00
Folkehelse og helsefremjande arbeid: studierettleiar.psyfa@uib.no / 55 58 27 10
Farmasi: studierettleiar.farmasi@uib.no / 55 58 29 99
-
Barnevern
Masterstudium i barnevern byggjer på bachelorgrad innan sosionom/ barnevernpedagog eller liknande. Det skal bidra til ei kompetanseheving som kan styrke ivaretakinga av barnet sitt beste i alle fasar av barnevernet sitt arbeid.
-
Farmasi
Lurer du på korleis ein lagar tablettar og injeksjonsvæsker? Eller korleis ulike medisinar verkar inn på kroppen? Vil du lære korleis ein kan bruke legemiddel på ein optimal måte for å førebyggje, lindre eller lege sjukdommar og skader? Då er farmasi studiet for deg.
-
Helsefag
Helse og livskvalitet handlar om meir enn å kurere konkrete sjukdomar: I stadig større grad handlar det om å førebygge og informere, og å ligge i forkant av sjukdom og lidingar. Helsefag tek føre seg områder og metodar som forbetrer livskvalitet, slik at menneske får ein best mogleg kvardag - og dermed kan delta som medlemmar av samfunnet på ein meiningsfylt måte.
-
Medisin
Gjennom studiet lærer du framtidsretta og praktiske metodar for diagnostikk, behandling og førebygging av sjukdom innanfor det medisinske fagområdet. Du lærer om menneskekroppen og om oppbygginga og funksjonane til dei forskjellige organa i kroppen, og får klinisk praksis.
-
Tannhelsefag
Profesjonsutdanninga i odontologi gir autorisasjon som tannlege. Tannlegestudiet er variert og inneheld teoretisk opplæring, samt praktisk trening. Profesjonsutdanninga i tannpleie gir autorisasjon som tannpleiar. Ein tannpleiar har som oppgåve å planleggje tannhelsefremjande tiltak for befolkninga.