Naturvitskaplege og teknologiske fag
Klima, fisk, olje og gass. Naturen og lokaliseringa til Vestlandet er utgangspunktet for mykje av forskinga innanfor dei naturvitskaplege og teknologiske faga ved UiB. Naturfenomen og industriell verksemd langs kysten og i havet står sentralt.
Marint fokus
Utforskinga av havområda er framleis av pionerkarakter. Sjølv om den marine forskinga ved UiB er blant den beste i verda, finst det framleis mange uløyste spørsmål.
Ei næringsutvikling basert på kunnskap om marine ressursar og ei berekraftig utnytting og forvalting av desse, er viktig for framtida vår. Vil du vere med på å utvikle landet inn i framtida? Då gjer du lurt i å studere naturvitskaplege og teknologiske fag ved UiB.
I menyen til høgre finn du studietilbodet til UiB i naturvitskapelege og tekniske fag.
Det finst også emnelister inndelt i fagområde.
Kontaktinformasjon
- E-post: studieveileder@mnfa.uib.no
- Telefon: 55 58 30 30
-
Biologi og molekylærbiologi
Biologi er læra om alt som lever, og tek føre seg mangfald og samanhengar i naturen. Alt frå dyreriket, evolusjon og biokjemiske prosessar, til cellene si oppbygging, genteknologi og økologi. Molekylærbiologi studerer den molekylære oppbygginga, kjemien og fysikken hos til dømes DNA og protein.
-
Fysikk, kjemi og teknologi
Framtida vil by på teknologiske utfordringar vi foreløpig ikkje kan forestille oss. Derfor er det viktig med gode utdanningar i dei grunnleggande faga, slik at utviklinga kan drivast framover. Fysikk, kjemi og teknologi er viktige fag for å forstå den fysiske verda - både i dagleglivet, naturen og næringslivet.
-
Geofag
Studium i geofag tek føre seg jordas opphav, oppbygging og endring, samt prosessar i havet og atmosfæra. Faga er viktige for vår kunnskap om olje og gass, men også om klima og miljø.
-
Informasjons- og datateknologi
Informasjons- og datateknologi er studium der du vert utfordra til å løyse ulike problem ved bruk av datamaskiner. Studia omfattar no alt frå praktisk programmering og bruk av datamaskiner, til kunnskap om korleis du kan utvikle gode datasystem for enkeltbrukarar, næringsliv og organisasjonar. Du kan velje ei brei tverrfagleg utdanning, eller ei smal utdanning med mange IT-emne.
-
Matematikk og statistikk
Matematikk og statistikk er ein vitskap som søkjer å gje ei teoretisk skildring av den verda vi lever i, og som utviklar seg i samspel med eit breitt spekter av menneskeleg kunnskap og erkjenning.