Samfunnsfag, juridiske fag og psykologi
Studietilbodet til UiB finn du i menyen til høgre. Det finst også emnelister for samfunnsfag, juridiske fag og psykologi.
Samfunnsfag
Samanhengen mellom individ og strukturar er kjernen i samfunnsvitskapleg forståing. Det handlar om å analysere, systematisere og forstå samanhengar både politisk, sosialt og økonomisk
Kontakt: studierettleiar.svfa@uib.no / Tlf. 55 58 98 50
Juridiske fag
Kvar einaste dag dukkar det opp rettslege spørsmål i samfunnsdebatten. Det kan dreie seg om menneskerettar, straff, skattereglar, miljø og IT.
Kontakt: studierettleiar.jurfa@uib.no / Tlf. 55 58 95 00
Psykologi
Psykologi handlar om oss menneske og om korleis hjernen vår fungerer, om kva som skjer i hjernen når vi tenkjer, føler, sansar og handlar. Kvifor oppfører vi oss som vi gjer og korleis kommuniserer vi med kvarandre? Kva reknar vi som psykiske lidingar og avvikande åtferd?
Kontakt: studierettleiar.psyfa@uib.no / Tlf. 55 58 27 10
-
Geografi
Geografi er studiet av menneske, samfunn og natur, og samanhengen mellom desse. Studiet er tverrfagleg og tilbyr emne innanfor sosiale, politiske, økonomiske og kulturelle forhold som verkar inn på stader. Geografi tilbyr også emne om jorda, klimaet og naturprosessane.
-
Juridiske fag
Jus handlar om lov og rett, om tolking av lover og reglar, om å oppretthalde og utvikle rettssamfunnet. Ver førebudd på eit hardt, men meiningsfullt og givande studium. Du går ut fem år seinare som jurist med stor kompetanse, klar til å arbeide med spørsmål og samfunnsproblem du sjølv er interessert i.
-
Medie- og informasjonsvitskap
Interaktive media, digitale nettverk, filmar, aviser og tv. Korleis påverkar dei ulike media måten vi forstår oss sjølve på? Kva rolle spelar dei for den offentlege debatten?
-
Psykologiske fag
Psykologi omfattar studium av åtferd hos enkeltindivid, deira interaksjon med omgivnadene, og åtferda i grupper. Ein viktig del av psykologisk forsking handlar om å kartleggje faktorar som har innverknad på helse og sjukdom.
-
Samfunnsøkonomi
Samfunnsøkonomar undersøkjer korleis økonomien eigentleg fungerer - både norsk blandingsøkonomi, tilhøva i andre land og verdsøkonomien. Ved å ta ein spesialisering innan politisk økonomi, vil du lære både om økonomisk åtferd i politiske prosessar og om politisk åtferd i marknaden.
-
Sosialantropologi
Sosialantropologi er det samanliknande studiet av kultur og samfunn. Kjernen i antropologifaget er feltarbeidet. Antropologar lever ofte tett på menneske over lang tid for å få innsikt i deira liv, tankar og kvardag. Deretter blir feltmaterialet analysert ved å samanlikne funna med feltmateriale frå andre livstilhøve og sosiale situasjonar.
-
Sosiologi
Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet. Sosiologar arbeider med å forklare og fortolke korleis vi blir forma av samfunnstilhøva. Det kan dreie seg om alt frå analyse av møte mellom enkeltindivid til gransking av globale sosiale prosessar.
-
Statsvitskap og Utviklingsstudiar
Gjennom utviklingsstudiet får du ei tverrfagleg innføring i samfunn, levevilkår og maktutøving i såkalla utviklingsland, samt globale prosessar i samband med bistand. Ved UiB er statsvitskap delt inn i to fag: samanliknande politikk og administrasjons- og organisasjonsvitskap.