Studietilbud gjennom samordna opptak
Oversikt over fag du kan søke opptak til gjennom samordna opptak, studieåret 2012-2013.
Søknadsfrist 15. april 2012
-
Humanistiske og estetiske fag
Innanfor humaniora studerer ein mennesket, korleis mennesket kommuniserer, kva mennesket tek seg til og kva det omgir seg med.
-
Juridiske fag
Jus handlar om lov og rett, om tolking av lover og reglar, om å oppretthalde og utvikle rettssamfunnet.
-
Lærarutdanningar og utdanningar i pedagogikk
Som lærar vil du påverke og inspirere den oppvaksande generasjon ved å gi av deg sjølv og av din fagkunnskap. Pedagogikk dreiar seg om å studere og forstå ulike former for lærings- og kunnskapsprosessar og kva desse har å bety for utviklinga av enkeltmenneske, organisasjonar og samfunn.
-
Medisin, odontologi og helsefag
Gjennom heile livsløpet spelar helsa og livsstilen vår inn på kvaliteten på det viktigaste vi har, nemleg sjølve livet.
-
Naturvitenskapelige og tekniske fag
Vi ønskjer å løyse store mysterium innan klima, marinbiologi, havbruk og miljø.
-
Psykologiske fag
Psykologien studerer faktorane som er avgjerande for menneskeleg åtferd og tanke, og korleis desse faktorane kan bli påverka og endra.
-
Samfunnsvitskaplege fag
Samanhengen mellom individ og strukturar er kjernen i samfunnsvitskapleg forståing.