Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Institut d'Etudes Politiques de Rennes og Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByRennes
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på administrasjon og organisasjonsvitskap har fortrinn på plassane før studentar i samanliknande politikk og andre samfunnsvitskaplege område. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er fransk og engelsk. Institusjonen anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B1/B2-nivå i undervisningsspråka.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Sciences Po Rennes tilbyr emne innan statsvitskap, samfunnsvitskap, jus og økonomi. Ein kan ta årsstudium (Certificat d'Études Politiques) eller semesterstudium (Attestation d'Études Politiques) i politiske studiar. Det vert tilbydd eige tilrettelagde program for internasjonale studentar på både fransk og engelsk. I det engelske programmet inngår fransk som framandspråk. På denne nettsida finn du meir informasjon og oversikt over emnetilbod.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna utgjer normalt 2 til 6 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Sciences Po Rennes blei oppretta i 1991 som den siste av dei 10 universiteta som utgjer Science Po-gruppa i Frankrike. Universitetet ligg i sentrum av byen, i ein elegant gammal bygning frå 1884. Science Po Rennes har fokus på fag som statsvitskap, historie, sosiologi, økonomi og juss, og det er obligatorisk for studentane å ta to framandspråk.

Rennes ligg i Bretagne, nordvest i Frankrike. Byen har om lag 210 000 innbyggarar og omtrent det dobbelte folketalet i storbyområdet. Det bur svært mange studentar i byen, og kvart år blir det arrangert ei rekke festivalar her. I tillegg til ei rekke musikk- og kunstfestivalar finst blant anna ein retrodataspelfestival og ein festival for anvendt vitskap.

Bustad

Universitetet hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad, anten på campus eller på den private bustadmarknaden.

Semesterinndeling

September - desember og januar - mai.

Informasjon