Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Universiteit Leiden og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByLeiden
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på programma i samanliknande politikk har fortrinn på plassane. Søkarar frå administrasjon og organisasjonsvitskap har fortrinn før andre samfunnsvitskapelege fagområde om det er ledige plassar. Studentar på 5 og 6 semester blir prioriterte.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise. Kun mogleg med utreise haust.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Det er berre mogleg å starte utvekslinga til Leiden i haustsemesteret.

Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er flamsk og engelsk. B1-nivå (CEFR) i engelsk blir anbefalt.

Institusjonen tilbyr flamsk språkkurs til utvekslingsstudentar. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Avtalen gjeld utveksling med Institute of Political Science. Instituttet ligg sentralt i Leiden. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet. Dei driv blokkundervisning der eit akademisk år har 4 blokkar. Hauststsemesteret består av blokk 1-2 og vårsemesteret blokk 3-4. Dei tilbyr berre engelske emne om hausten. Du kan òg ta emne ved dei andre institutta ved fakultetet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna utgjer mellom 5 og 15 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universiteit Leiden er det eldste universitetet i Nederland. Det blei grunnlagt i 1575 som ei gåve frå Vilhelm av Oranien, etter at innbyggarane i Leiden hadde halde ut ei langvarig spansk kringsetjing. Universitetet har sju fakultet og om lag 23 000 studentar. Det var det første i Nederland med religionsfridom og kan skilte med historiske band til store namn som Einstein, Rembrandt, Spinoza og Descartes. Campusområdet ligg i sentrum av Leiden.

Leiden har om lag 250 000 innbyggarar, irekna dei mest nærliggande forstadsområda, og ligg i provinsen Syd-Holland. Byen var tidlig kjent for osteproduksjon, og det var ein krydra Leiden-ost, med byvåpenet (to nøklar i kross) prega på emballasjen, som i si tid gav inspirasjon til den norske nøkkelosten.

Bustad

Universitetet har eit eige kontor som driv med bustadformidling for internasjonale studentar og sjansane for å få tildelt bustad er gode om ein søker i tide.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni. Eksamensperioden for engelskspråklege emne i vintersemesteret er som regel lagt til desember månad.

Studentrapportar

2015

Høst 2014 - BA i samanliknande politikk

Høst 2014 - BA i samanliknande politikk

01.09.2014 - 31.01.2015

Førebuingar/praktiske tips

Søk så tidleg som mogleg slik at du får dei faga du ønskjer. Her er det fyrstemann til mølla som gjeld og det er på ingen måte flust med ledige plassar på kursa slik det er i Bergen. Ver òg merksam på at haustsemesteret ikkje er ferdig før i slutten av januar, så det kan bli problematisk dersom du skal heim til Bergen for vårsemesteret. Skaff deg òg ein brukt sykkel med ein gong du kjem til Nederland. Det vert arrangert sykkelmarknad i løpet av orienteringsveka der ein kan få ein brukt sykkel til 70-120 euro i varierande stand. Eg anbefalar i staden å leige ein sykkel frå Het Warenhuis. Ein kan der leige ein sykkel som er i topp stand for berre 50 euro for eit heilt år. Då slepp du og stresset med å prøve å selge sykkelen (som kan vere vanskeleg utanfor semesterstart) din når du reiser heim.

Undervisningsformer

Undervisningsformer varierer frå kurs til kurs. Somme har førelesingar i store auditorium medan andre har vanleg klasseromsundervisning. Nokre har òg seminar på same måte som i Bergen.

Vurdering av emnetilbodet

Dersom du ikkje tek kurs på Nederlandsk er det ganske avgrensa kva kurs du kan velje (i alle fall inann politikk). Kursa blir fulle svært raskt så du kan heller ikkje vere sikker på å få studere det du ønskjer. Dei fleste kurs er verdt berre 5 poeng slik at du må ta heile 6 kurs med mindre du er heldig å få plass på eit kurs som er verdt meir.

Fagleg utbyte og språk

Eg hadde planar om å ta språkkurs før eg starta semesteret, men sidan eg ikkje fekk opptaksbrev før eit par veker før semesterstart vart det ikkje noko av. Å kunne nederlansk er uansett ikkje naudsynt sidan dei aller fleste snakkar svært bra engelsk. Språket har dessutan mange fellestrekk med både norsk, engelsk og tysk så til dømes å lese ingrediensar på supermarkeda gjekk heilt fint for min del. Eit anna stort problem er at semesteret er oppdelt i to blokker der du avsluttar og startar nye kurs i oktober/november. Eg enda opp med berre 2 kurs i fyrste blokk og 4 kurs i andre blokk. Dette førte til at eg ikkje hadde kapasitet til å klare alle kursa eg hadde. At eg måtte velje fleire kurs utanfor fagområdet mitt gjor det ikkje lettare.

Universitetsområdet og byen

Leiden er ein fantastisk småby som er utruleg vakker og sentralt plassert i Nederland. Som resten av Nederland, er òg leiden svært godt tilrettelagt for bruk av sykkel og i motsetnad til Noreg er det eit godt samspel mellom syklistar og bilistar i trafikken. Å kunne setje seg på sykkelen og sykle kvar ein vil utan å vere avhengig av kollektivtransport og bil er det eg saknar mest med å bu i Leiden.

Bustad

Ver tidleg ute! Det er svært vanskeleg å finne ein stad å bu rundt semesterstart. Eg sov i ein gymsal den fyrste veka medan eg prøvde å finne ein stad og bu og enda opp med ein dyr studentbustad (Smaragdlaan) som kosta 630 euro i månaden pluss 150 euro i kontraktgebyr. Standarden var dårleg og det fyrste som møtte meg då eg kom in døra var ein plakat med advarsel om asbest. På nederlanske nettsider er det dessutan gratis for dei som annonserer bustader medan dei som leitar må betale for å melde seg inn på desse nettsidene. Eg sendte forespørsel på mange annonsar, men dei einaste som svarte var svindlarar. Dersom den som leiger ut seier at han/ho brått måtte reise til utlandet i jobbsamanheng er det ein svindlar.

Sosialt miljø

Veka før semesterstart vart det arrangert Orientation Week Leiden (OWL) som liknar mykje på fadderveka i Bergen med tettpakka program både på dagtid og kveldstid heile veka. Det går fint å bli kjend med folk dersom du deltar på opplegget og mange av dei som er i faddergruppa vil du ha forelesingar saman med seinare. Elles er det mange ulike studentorganisasjonar ein kan delta i som arrangerer festar og turar gjennom heile semesteret. International Student Network Leiden (ISN) er den største organisasjonen for internasjonale studentar.

2014

Vår 2014 - BA i filosofi

Vår 2014 - BA i filosofi

05.01.2014 - 25.07.2014

Førebuingar/praktiske tips

Overraskende mange ulike papirer som måtte fylles ut og ordnes, men vel verdt å gjøre mest mulig før avreise. Reiseforsikring og ordnede boforhold er også uvurderlig.

Undervisningsformer

Ved Leiden University brukes det mange ulike former. Av de tre emnene jeg tok var to av dem arbeidsseminarer som hovedform, og det tredje var forelesninger. Studenter oppfordres til stor deltakelse.

Vurdering av emnetilbodet

Forvirrende nettside som ikke fungerte på engelsk, så jeg trengte en del hjelp til oppmelding til emner. Heldigvis gikk det i orden, og det var mye ulikt å velge mellom på engelsk.

Fagleg utbyte og språk

Jeg fikk mulighet til å følge emner som ikke tilbys ved UiB, og slik sett var utbyttet uvurderlig positivt. Oppholdet utfordret meg til å forbedre min akademiske engelsk og lære nederlandsk på et mer grunnleggende nivå.

Universitetsområdet og byen

Universitetsområdet var spredt over et større område, men det var oversiktelig, og gjennom fadderukesystemet fikk vi omvisning og orientert oss. Byen er en typisk universitetsby med flertall yngre studenter boende der, og stort tilbud av ulike aktiviteter, både akademisk og mer uformelt, festing, sport og hobby.

Bustad

Jeg bodde i Haag hos familie, og hadde derfor ikke behov for hjelp til å finne meg et sted å bo. Av de utvekslingsstudentene jeg kom i kontakt med, bodde flertallet enten i Leiden eller Haag, bare en kort togreise fra Leiden.

Sosialt miljø

Takket være et greit faddersystem kom utenlandske utvekslingsstudenter i kontakt med hverandre, og fikk mulighet til å treffe folk og finne nye venner. Jeg opplevde miljøet som omgjengelig og hyggelig. Siden studenter er en så særegen og individualistisk gruppe, var det enkelt å være seg selv. Jeg mener selv at det var minst like godt miljø som jeg har opplevd ved UiB.

brukt_leiden_university.jpg

Flott bygning
Foto:
© Universiteit Leiden

Informasjon