Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Zeppelin Universität og Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByFriedrichshafen
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet kan søke. Søkarar frå administrasjon og organisasjonsvitskap har fortrinn før andre samfunnsvitskapelege fagområde. Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Masterstudentar kan reise ut i andre semester. Det er ein fordel å ha tatt metodekurs før utreise.

Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling

Språk

Undervisningsspråka er tysk og engelsk. B2-nivå (CEFR) i minst eitt av undervisningsspråka vert anbefalt.

Kva emne kan eg ta

Zeppelin University er ein privat samfunnsvitskapleg institusjon. Dei tilbyr emne innan politikk, administrasjon og ledelse, sosiologi og økonomi, kultur og kommunikasjon, og har ein tydeleg tverrfaglig tilnærming. Alle emne på engelsk er åpne for innreisande. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Zeppelin University vart grunnlagt i 2003 har om lag 1300 studentar fordelt på to hovudcampusar, ZF Campus i Fallenbrunnen og Lake Campus som ligg rett ved innsjøen Constance. Universitetet har i all hovudsak fag innan økonomi, kultur og politikk.

Universitetet ligg i byen Friedrichshafen med omlag 60 000 innbyggarar, i det sørlige Tyskland, to timar med bil frå München. På ein skyfri dag kan du sjå til både Austerrike, Sveits og Alpane. Det er gode turmogelegheiter i området. Du kan og kjøpe flyturar med dei berømte Zeppelin-flya.

Bustad

Zeppelin University har nokre studentbustadar, men kan også hjelpe utvekslingsstudentar med å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - desember og januar - mai.

Informasjon