Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Institut d'Etudes Politiques de Lille og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByLille
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på bachelorprogrammet i samanliknande politikk og europastudiar har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå administrastrasjon og organisasjonsvitskap prioriterast før søkarar frå andre samfunnsvitskapelege fagområde om det er ledige plassar. Det er krav om at ein må ha tatt minimum 60 studiepoeng før ein kan reise på utveksling. Det er mogeleg å søke for eit semester eller for eit heilt år. Søkarar som ønsker å reise ut for eit heilt år prioriterast.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise på utveksling for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er fransk og engelsk. Det er tilbod om undervisning i rundt 10 emne med engelsk undervisningsspråk kvart semester, samt nokre emne på spansk og tysk. Sciences Po Lille krev forkunnskapar tilsvarande A2-nivå i fransk og B2-nivå i engelsk etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR). Det er ikkje nødvendig med språktest. Institusjonen tilbyr fransk språkkurs til utvekslingsstudentar. Semesteret opnar med et intensivt introduksjonsseminar i fransk språk og metodologi.

Kva emne kan eg ta

Sciences Po Lille tilbyr samfunnsvitskapelege emne på engelsk og fransk. Dei fleste emna er statsvitskaplege, men ein finn også emne innanfor økonomi, jus, historie, filosofi, sosiologi og språk. Fullt emnetilbod og meir informasjon finn du på denne nettsida. Heilårsstudentar ved Sciences Po-skulane har moglegheit til å ta Certificat d'Etudes Politiques (Certificate of Political Studies). Det gjeld eigne krav for dette.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna utgjer normalt 4-5 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nviå- og innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon