Hjem

Utdanning

bilateral

City University of Hong Kong og Det humanistiske fakultet (BILATERAL)

  • LandHong Kong
  • ByKowloon
  • Studieplassar4
  • AvtaletypeBilateral

Om avtalen

Kven kan søke

Bachelor- og masterstudenter på digital kultur blir prioritert, men andre studentar som ønskjer å ta emner ved School of Creative Media kan også søkje.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i digital kultur: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste to semestera av bachelorprogrammet. Ta kontakt med studierettleiar for å planlegge tidspunkt for utveksling.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Emna ved City University of Hong Kong, School of Creative Media, blir underviste på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor humanistiske fag. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

City University of Hong Kong, School of Creative Media har et særlig relevant tilbud til studenter på Digital kultur.

Studieavgift

Avtalen med School of Creative Media, City University of Hong Kong inneber gjensidig utveksling av 5 studenter i eitt semester kvart år, med fritak for studieavgift.

Studentar må også semesterregistrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.

Informasjon