Hjem

Utdanning

erasmus+

Abertay University og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByDundee
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld for profesjonsstudentar i psykologi, og studentar som går på eit bachelor- eller masterprogram ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar i psykologi reiser ut i den valfrie delen av studieprogrammet dei går på. Profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Språkkrav: Evaluated on a case-by-case basis.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

 Psykologi på lågere grad (BA) avhengig av tilbod og krav omforkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 5. eller 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet ved universitetet er presentert her: https://www.abertay.ac.uk/studying/exchange-study-abroad/incoming/modulecatalogue/

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Abertay University ligg i midt i Dundee, på austkysten av Skottland. Sidan Abertay har ein sentrumsnær campus, finn også ein barar, butikkar, kino og teater, buss og tog, rett i nærleiken av universitetet. Aberday vart grunnlagt i 1888 som Dundee Technical Institute, og har i dag over 4000 studentar. Abertay betstår av fire schools, School of Arts, Media and Computer Games, School of Science, Engineering and Technology, Dundee Business School og Scholl of Social and Health Sciences.

Dundee er med sine 150 000 innbyggarar den fjerde største byen i Skottland. I sentrum ligg den 174 meter høge Dundee Law, ein vulkansk plugg frå ein utdødd vulkan. Byen er kjend som «City of Discovery», til ære for byens vitskapelege oppdagingar, samt at skipet «RRS Discovery», som tok oppdagaren Robert Scott til Antarktis, blei bygd i Dundee.

Bustad

Ein kan søke om studentbustad på campus.

Semesterinndeling

September-desember og januar-mai.

abertay_campus_1.jpg

Bilde av bygning

Informasjon