Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

University of Warwick og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByCoventry
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelorprogrammet i samanliknande politikk kan søke. Søkaren må ha tatt minimum 120 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

For utveksling til Warwick bør ein legge til rette for utreise i siste år av graden. Det er berre mogeleg å søke for eit heilt år sidan Warwick har eit tre-semestersystem.

Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Denne avtala gjeld studiar ved Department of Politics and International Studies (PAIS). Undervisninga blir organisert i lag med forskningsklyngene deira: Comparative Politics & Democratisation, Political Theory, International Political Economy, and International Relations & Security. Det blir venta at ein tar minst 75% av emna ved instituttet og dei fleste emna blir underviste som heilårsmodular, noko som gjer utveksling for berre eitt semester vanskeleg. På denne nettsida finn ein oversikt over emnetilbod.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS (120 CATS) per år. Emna utgjer frå 7,5 til 15 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Warwick ligg ikkje i byen Warwick, som namnet skulle tilseie, men i Coventry, som historisk høyrde til grevskapet Warwickshire. Universitetet blei oppretta i 1965, og er i dag eit av dei høgst rangerte i Storbritannia. Om lag 8000 av dei 24 000 studentane er internasjonale. Universitetet har fire fakultet: humaniora og kunstfag, medisin, naturvitskap og samfunnsvitskap. Hovudcampusen ligg fem kilometer sørvest for Coventry sentrum. Universitetet har òg mindre campusar i Wellesbourne og i the Shard, sentralt i London.

Coventry er den tiande største byen i England, og ligg i West Midlands, 150 kilometer nordvest for London. Ingen britisk by ligg lenger frå kysten enn kva Coventry gjer. Stalingrad (no Volgograd) og Coventry blei i 1944 verdas første vennskapsbyar, då innbyggarar i Coventry ønskte å uttrykke si støtte for Den Raude Armé under slaget om Stalingrad.

Bustad

Ein kan søke om studentbustad på campus i Coventry, eller utanfor campus i Leamington Spa og Kenilworth. Utvekslingsstudentar er garantert tilbod gitt at dei søker innan fristen.

Semesterinndeling

Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma september - desember, januar - mars og april - juni.

Informasjon