Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Universität Salzburg og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • BySalzburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar frå studieprogramma i samanliknande politikk har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen før søkarar frå administrasjon og organisasjonsvitskap og andre samfunnsvitskapelege fagområde. Det er kav om at du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Det er mogeleg å søke for eit semester (berre vår/sommar) eller for eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk. Det er anbefalt at ein har forkunnskapar i minst eitt av språka tilsvarande B2-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR).

Institusjonen tilbyr språkkurs til innreisande studentar.

Kva emne kan eg ta

Department of Political Science ved lærestaden tilbyr eit breitt spekter av statsvitskapelege emne på tysk og engelsk. Instituttet underviser i meir enn 80 emne årleg innanfor fagområda «Political Theory (pol. Philosophy), Comparative Politics (and Policies), Austrian Politics (in a comparative European and international perspective), International Relations and Politics of the European Union».

denne nettsida finn du informasjon for innreisande studentar og ei oversikt over emnetilbodet ved universitetet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Salzburg blei grunnlagt i 1622 av prins og erkebiskop Paris Lodron. Det var opphaveleg basert på eit nettverk av 33 benedikterkloster i Austerrike, Tyskland og Sveits. Universitetet har stadig eit eige fakultet for katolsk teologi, i tillegg til fakultet for rettsvitskap, naturvitskap og kultur- og samfunnsvitskap. Av totalt 18 000 studentar er om lag ein tredjedel frå utlandet. Universitetet har to campusar. Det eine ligg i gamlebyen i Salzburg og det andre nær elva Salzach.

Salzburg ligg ved grensa mot Tyskland, nord i Austerrike og er den største byen i regionen med same namn. Han har om lag 150 000 innbyggarar og er best kjent som fødebyen til den kjente komponisten Wolfgang Mozart. Byen ligg ved foten av Alpane, og er prega av eit alpint innlandsklima, med relativt varme somrar og kalde vintrar. Musikalen The Sound of Music var spelt inn i Salzburg.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, men oppmodar internasjonale studentar om å ta kontakt med den lokale studentsamskipnaden eller Austrian Exchange Service (OeAD) for meir informasjon om kva moglegheiter som finst.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

brukt_university_of_salzburg.jpg

Bygning i kveldsmørket
Foto:
© Universität Salzburg

Informasjon